[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1998

Inntektsfordeling og levekår i landbruket:

Bønder har same inntekt som folk flest


Gjennomsnittleg inntektsnivå og materielle levekår er ikkje dårlegare for landbruksbefolkninga enn for folk flest. Men mellom 1992 og 1994 hadde landbrukshushalda ei dårlegare inntektsutvikling enn lønsmottakarar og sjølvstendige i andre næringar.
Landbruksbefolkninga har ein samansett inntektsstruktur, der knapt halvparten i hovudsak arbeider berre på bruket. Den andre halvparten har kombinasjonsinntekter, der inntekt frå verksemd utanfor bruket utgjer størsteparten av inntektene.

Gjennomsnittleg netto næringsinntekt for norske gardbrukarar var 102 000 kroner i 1994. Då har ein lagt til grunn ein «vid» definisjon av gardbrukar, og rekna med også dei som driv gardsbruket ved sidan av anna hovudyrke. Ein knapp halvpart av gardbrukarane i utvalet oppgav at dei arbeidde berre på bruket. Desse gardbrukarane hadde ei gjennomsnittleg arbeidsinntekt på 155 000 kroner i 1994, medan den tredjeparten av bøndene som hadde hovudyrke utanfor bruket, hadde ei gjennomsnittleg arbeidsinntekt på 238 000 kroner når vi ser på samla løns- og næringsinntekt.

Det er relativt store inntektsskilnader mellom gardbrukarane etter alder, produksjonsform og landsdel. Bønder over 60 år arbeider i stor grad berre på bruket, og dei har også i gjennomsnitt lågare næringsinntekt enn yngre bønder. Gardbrukarar i Rogaland og i flatbygdene på Austlandet har høgast gjennomsnittsinntekt, medan gardbrukarar på Vestlandet og i dal- og fjellbygder på Austlandet har dei lågaste inntektene. For gardbrukarane i Rogaland er det høge næringsinntekter som gjer utslaget, medan det for bøndene i flatbygdene på Austlandet er løns- og næringsinntekt utanfor jord- og skogbruk som dreg gjennomsnittsinntekta opp.

Mannlege gardbrukarar har i gjennomsnitt litt lågare inntekt enn menn i heile befolkninga når vi samanliknar gardbrukarane i intervjuutvalet med menn i tilsvarande aldersgrupper, men skilnadene er ikkje store. Inntektsnivå og yrkesstruktur for kvinnene i landbruksbefolkninga skil seg lite frå inntektsnivå og yrkesstruktur i res-ten av kvinnebefolkninga. Hovudtyngda av kvinnene i undersøkinga er ektefelle eller sambuar til gardbrukar, medan 10 prosent av gardsbruka i undersøkinga hadde kvinneleg gardbrukar (hovudansvarleg for drifta). Seks av ti ektefellar hadde arbeid utanfor bruket, og dei fleste av desse hadde arbeidet utanfor bruket som hovudyrke. Her er det markerte skilnader mellom eldre og yngre landbrukskvinner. Yngre landbrukskvinner er i gjennomsnitt betre utdanna enn sine menn, og dei har i stor grad arbeid utanfor bruket.

Hushaldsinntekter
Ein analyse av hushaldsinntekter viser at samanlikna med hushald der ho-vudinntektstakaren var lønsmottakar eller sjølvstendig i andre næringar, hadde landbrukshushalda ei dårlegare inntektsutvikling mellom 1992 og 1994. Det var særleg mjølkeprodusentane som gjekk ned i inntekt i denne perioden. Landbrukshushalda hadde i 1994 likevel gjennomgåande høgare disponible inntekter enn hushald der hovudinntektstakaren var lønsmottakar, men lågare disponible inntekter enn hushald der hovudinntektstakaren var sjølvstendig i andre næringar. På den andre sida er landbrukshushalda typisk større enn andre hushald. Når ein tek omsyn til det, kjem ikkje landbrukshushalda betre ut enn lønsmottakarar. Den interne inntektsulikskapen blant landbrukshushald er på same nivået som blant lønsmottakarar, og lågare enn blant sjølvstendige i andre næringar.

Kjelde

Inntektsfordeling og levekår i landbruket.
Artikkelen vil heilt ut bli publisert i Økonomiske analysar nr. 3/98. Meir informasjon: Kjetil Lund, tlf. 21 09 48 26, e-post: kjetil.lund@ssb.no, Torkil Løwe, tlf. 21 09 44 98 e-post: torkil.lowe@ssb.no, eller Kari Skrede, tlf. 21 09 48 63 e-post: kari.skrede@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 13, 1998