[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse]

Ukens statistikk nr. 9, 1998

Byggjearealstatistikk, januar 1998:

Mindre nybygging av yrkesbygg


Etter høg igangsetjing av bruksareal til andre bygg enn bustader hausten 1997, gjekk aktiviteten ned i desember 1997 og januar 1998 samanlikna med tilsvarande månader åra før.
I 1996 gjekk byggjeaktiviteten og ned på slutten av året, men tok seg opp att i januar 1997. Igangsetjinga av bruksareal til andre bygg enn bustader i januar 1998 er 23 prosent lågare enn i same månad i 1997, og 8 prosent lågare enn i 1996. Etterslepet i registrer-ingane av andre bygg enn bustader var noko høgare enn normalt i januar 1998 med 4,1 månader mot 2,1 månader i januar 1997.

18 prosent mindre bruksareal
I desember 1997 og januar 1998 vart det registrert igangsett 18 prosent mindre bruksareal til andre bygg enn bustader enn i same periode året før. Nedgangen i igangsett bruksareal i denne perioden er størst i Oslo, Akershus og Rogaland fylke. Prosentvis gjekk igangsetjinga av slikt areal mest ned i Sogn og Fjordane. I Vest-Agder vart det derimot registrert igangsett nærare tre gonger så mykje bruksareal i desember 1997 og januar 1998 som i same periode året før.

1 473 igangsette bustader
1 473 bustader vart igangsette i januar i år mot 1 570 i same månad i fjor. Samanlikna med januar 1996 auka igangsetjinga av bustader med 23 prosent.

Igangsett bruksareal til bustader i januar i år er 1 prosent lågare enn motsvarande tal for 1997. Denne månaden vart 271 300 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader igangsett mot 350 100 i fjor. Totalt igangsett bruksareal er 14 prosent mindre i januar i 1998 enn i 1997.

Manglande registreringar i GAB
Bygg sette i gang i Trondheim kommune i januar vart ikkje registrerte i GAB-registeret denne månaden. I Oslo kommune vart igangsette bygg i januar berre unntaksvis registrerte. Totaltal for igangsette bygg justerte ved hjelp av estimat for Trondheim og Oslo kommune, er gjevne i eigen
tabell.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i januar 1998 var etterslepet gjennomsnittleg 3,5 månader for bustader og 4,1 månader for andre bygg. Det store etterslepet i registreringane av andre bygg enn bustader kjem i stor grad av at eit par store bygg vart registrerte i GAB-registeret denne månaden sjølv om dei faktisk vart igangsette for nokre år tilbake.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 9]

Figur 9: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-januar 1998. Kvadratmeter


Tabeller

* Tabell 01: Bygg sette i gang. Justerte, førebels tal1

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, januar 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no, eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 9, 1998