[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 5, 1998

Jordbruksareal og husdyr, per 31. juli 1997. Førebels tal:

Meir eng og mindre kornareal


I perioden frå 1991 til 1997 har samla jordbruksareal i drift auka med 3 prosent, frå 10,1 til 10,4 millionar dekar. Arealet av eng til slått og beite aukar, medan kornarealet viser minkande tendens.
Engarealet aukar og utgjorde i 1997 6,3 millionar dekar eller 60 prosent av jordbruksarealet, medan kornarealet utgjorde 3,32 millionar dekar, eller 32 prosent.

Av eng til slått og beite er det særleg overflatedyrka eng og beite som har auka, frå 1,2 millionar dekar i 1991 til 1,4 millionar dekar i 1997. Arealet av fulldyrka eng auka i same tidsrom frå 4,4 til 4,9 millionar dekar.

10 prosent mindre kornareal
I 1991 nådde kornarealet ein historisk topp med 3,69 millionar dekar. Sidan har arealet minka år for år, og kornarealet på 3,32 millionar dekar i 1997 er 10 prosent mindre enn arealet i 1991. Arealet av oljevekstar, som kan dyrkast som eit alternativ til korn, auka fram til 1995 til 110 000 dekar, men har sidan minka til 75 800 dekar i 1997.

Kornarealet fordelte seg med 53 prosent bygg, 28 prosent havre, 18 prosent kveite og 1 prosent rug. Arealet av kveite og bygg auka siste året, medan arealet av havre og rug gjekk ned.

Arealet av grønfôr og silovekstar minka 11 prosent til 356 800 dekar, og potetarealet gjekk ned 1 prosent til 179 600 dekar i 1997.

Færre dyrkar korn
Talet på bruk som dyrkar korn og oljevekstar har gått ned med 26 prosent, det vil seie frå 32 551 bruk i 1991 til 24 023 bruk i 1997. Det har blitt færre små kornbruk, medan talet på bruk med meir enn 400 dekar korn har auka med 17 prosent.

Fleire ammekyr, færre mjølkekyr
Talet på kyr har auka jamt frå 336 200 i 1993 til 343 900 i 1997. Det er talet på ammekyr som aukar, medan talet på mjølkekyr går ned. Det var i 1997 28 300 ammekyr. Dette er ei dobling frå 1993. Talet på mjølkekyr gjekk ned med 1,4 prosent frå året før, til 313 600 i 1997. I 1997 hadde 24 252 bruk mjølkekyr, det er 3 400 færre enn i 1991. Det blir stadig færre små buskapar, medan talet på store buskapar aukar.

Talet på slaktedyr aukar
Talet på slaktesvin påsett i perioden 1. januar til 31. juli 1997 var 749 000. Dette er ein auke på 2,2 prosent i høve til same periode året før. I 1997 var talet på alssvin 92 000, om lag det same som året før.

Talet på slaktekylling påsett i perioden 1. januar til 31. juli 1997 var 13,4 millonar, ein auke på 8 prosent i høve til same periode året før.

Om statistikken
Statistikken er basert på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstillegg i jordbruket per 31. juli og utrekna tillegg for brukarar som ikkje søkte.

Tabeller

* Tabell 8-1: Jordbruksareal i drift, etter bruken. 1991-1997. Dekar

* Tabell 8-2: Jordbruksareal i drift, etter bruken per 31. juli 1997. Fylke/bruksstorleik. Dekar


* Tabell 8-3: Driftseiningar med korn og oljevekstar til mogning, etter kornareal


* Tabell 8-4: Husdyr


* Tabell 8-5: Storfe per 31. juli 1997. Fylke/bruksstorleik


* Tabell 8-6: Talet på geit, svin og fjørfe per 31. juli 1997. Fylke/bruksstorleik


* Tabell 8-7: Driftseiningar med ku, etter buskapsstorleik


* Tabell 8-8: Driftseiningar med geit, svin og fjørfe per 31. juli


Ny statistikk

Jordbruksareal og husdyr, per 31. juli 1997. Førebels tal.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Meir informasjon: Ragnhild Langbakk Bruholt, tlf. 62 88 51 86, e-post: rab@ssb.no eller Berit Bjørlo, tlf. 62 88 55 07,e-post: bbj@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 5, 1998