[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1997

Kommunalt avløp, 1996. Utslepp og reinsing:

Nordsjøfylka reinsa mest fosfor


Kommunale avløpsreinseanlegg reinsa 72 prosent av tilført fosfor i fjor. Den gjennomsnittlege reinseeffekten for fosfor i kommunale anlegg var høgast i fylka langs kysten frå Østfold til og med Vest-Agder (nordsjøfylka), med 91 prosent. Lågast reinseeffekt hadde fylka frå og med Rogaland og nordover, med 37 prosent. Forskjellen kjem av ulike reinseprinsipp.
Den totale mengda fosfor (P) på 1576 tonn som vart fjerna i fjor, utgjer om lag 64 prosent av den berekna totale pårøyninga på dei kommunale avløpsreinseanlegga og på separate reinseanlegg i spreidd busetnad.

Ved berekning av forureiningsproduksjonen er fosfor valt som parameter. Dette fordi fosfor spelar ei viktig rolle når det gjeld overgjødsling av elvar, innsjøar og sjøområde. I tillegg slepp reinseanlegga i varierande grad ut blant anna nitrogen, organisk stoff og ulike tungmetall.

563 tonn fosfor ut frå avløpsreinseanlegg
Om lag 80 prosent av innbyggjarane i Noreg er busette i område med kommunalt avløpsnett. Det er i 1996 berekna utslepp av til saman 563 tonn fosfor frå kommunale reinseanlegg. Den gjennomsnittlege reinseeffekten for dei kommunale reinseanlegga var på 72 prosent. Reinseeffekten for landet under eitt har dei siste tre åra vore på rundt 70 prosent. Etter ein svak nedgang frå 1993 til 1995, gjekk reinseeffekten opp 3 prosent i 1996. Desse endringane kan òg kome av variasjonar i datakvalitet og innrapportering.

Effektiv reinsing
Berekningar viser at den gjennomsnittlege reinseeffekten for fosfor i kommunale avløpsreinseanlegg var høgast i nordsjøfylka. Samanlikna med 1995 var det her ein auke på 2 prosent. Årsaka til at reinseeffekten i dette området er så høg ligg i at ein stor del av reinseanlegga har kjemiske og/eller biologiske reinsetrinn, som gjev ei mykje meir effektiv reinsing av avløpsvatnet enn til dømes mekaniske anlegg. Til saman 116 tonn fosfor, eller 21 prosent av dei totale utsleppa frå kommunale avløpsreinseanlegg i landet, kjem frå nordsjøfylka. Om lag 55 prosent av innbyggjarane i Noreg bur i desse fylka.

Fylka frå og med Rogaland og nordover langs kysten slapp ut til saman 447 tonn fosfor for driftsåret 1996. I desse fylka dominerer anlegg med enklare reinseprinsipp, slik som til dømes rister, silar, slamavskiljarar og sandfang. Slike anlegg vil i mindre grad halde tilbake fosfor frå avløpsvatnet. Gjennomsnittleg reinseeffekt for anlegga i dette området var på 37 prosent, ein auke på 3 prosent sidan 1995.

Separate avløpsreinseanlegg
Om lag 20 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla eigne separate avløpsreinseanlegg i spreidd busetnad. For 1996 er det berekna utslepp av til saman 342 tonn fosfor frå desse anlegga. I snitt fjerna slike separate anlegg om lag 29 prosent av den produserte fosformengda, noko som inneber at det vart fjerna til saman 141 tonn fosfor frå avløpsvatnet.

95 300 tonn slam
Slam frå reinseanlegga inneheld både organisk materiale og plantenæringsstoff. Slammet utgjer med andre ord ein verdifull ressurs som gjødsel og jordforbetringsmiddel. I 1996 er den totale produksjonen av slamtørrstoff berekna til om lag 95 300 tonn, noko som er ein auke på 2400 tonn frå året før. Av dette vart 58 prosent brukt som jordforbetringsmiddel til jordbruks- og grøntareal, mot 55 prosent i 1995.

Om statistikken
Statistisk sentralbyrå samlar årleg inn driftsdata frå kommunale avløpsreinseanlegg og separate avløpsreinseanlegg i spreidd busetnad i samarbeid med miljøvernavdelingane i dei ulike fylka og Statens forureiningstilsyn (SFT). Det er store variasjonar, både geografisk og over tid, i kvaliteten på det innrapporterte datamaterialet. Dei berekna nasjonale utsleppstala byggjer difor på ei rekkje føresetnader og er til dels usikre.

I SSB-avløp fordeler ein innbyggjarane i kommunane på følgjande tre kategoriar: (1) Reinsedistrikt/reinseanlegg omfattar alle som er tilknytt kommunalt nett med reinseanlegg eller direkte utslepp, (2) Ikkje definerte reinsedistrikt er ein samlepost for mange små anlegg og direkte utslepp og (3) Spreidd busetnad omfattar alle som ikkje er tilknytt kommunalt nett, men har separate reinseanlegg på eigedomen.

Sentralt i nokre av desse berekningane er talet for den mengda fosfor kvar person (p.e.) i snitt slepp ut til avløpsvatnet per døgn. Dette talet har vore under revisjon dei siste åra. Frå og med rapporteringsåret 1996 er det sett ned frå 1,7 til 1,6 g fosfor/p.e./døgn. Nedgangen reflekterer at det over tid har vore ei endring i bruken av mellom anna fosfathaldige vaskemiddel. Utslaga i statistikken kjem først i 1996.


[Figur 8]

Figur 8: Fosfor frå kommunale reinseanlegg og spreidd busetnad1. Nordsjøfylka og resten av landet. 1996. Tonn


[Figur 9]

Figur 9: Disponering av slam. Heile landet. 1996


Tabeller

* Tabell 11-1: Utslepp og reinsing av fosfor (P) fra avløpsreinseanlegg og spreidd busetnad. heile landet. 1994-1996

* Tabell 11-2: Tungmetall i slam. Heile landet. 1996


Ny statistikk

Kommunalt avløp, 1996. Utslepp og reinsing.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Statistiske analysar (SA) Naturressurser og miljø. Meir informasjon: Kjetil Mork, tlf. 62 88 54 59, e-post: mor@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 50, 1997