[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse]

Ukens statistikk nr. 49, 1997

Utvalsteljing for landbruket. Driftseiningar og husdyr, per 1. juni 1997. Førebels tal:

Mindre enn 80 000 bruk i drift


1. juni i år var det 79 400 bruk med minst fem dekar jordbruksareal i drift her i landet. Dette er 2 000 færre bruk enn i fjor. For første gong i nyare tid er det no mindre enn 80000 bruk i drift. Men sjølv om talet på bruk i drift går ned, har ikkje jordbruksareal-et blitt redusert.
Nedgangen i brukstalet har dei seinare åra vore om lag 2,6 prosent per år. Jordbruksarealet har derimot ikkje blitt redusert tilsvarande. Per 1. juni var det 10,2 millionar dekar jordbruksareal i drift. Dette er om lag like stort areal som i fjor, men ein auke på 120 000 dekar sidan 1992. Endringar i stønadspolitikken er medverkande til at arealet har auka.

Fleire ammekyr
Per 1. juni var det 27 500 bruk med ku. Dette er ein nedgang på 1 000 bruk frå i fjor. Samstundes har kutalet auka med vel 3 000. Det meste av auken er ammekyr. Knapt 23 000 av i alt 337 400 kyr registrert per 1. juni var ammekyr.

Det er første gongen på fleire år at det er registrert nemnande strukturutvikling i retning av færre, men større buskapar.

Færre sauer
Talet på sau har for første gong på ti år gått merkbart ned. Det har vore nedgang i sauetalet i fleire fylke, men hovudårsaka til nedgangen samanlikna med i fjor, heng saman med at fleire sauebønder på Vestlandet har slakta ned buskapen på grunn av den smittsame sjukdomen Scrapie.

Det har vore svak strukturutvikling i sauehaldet dei seinare åra, men relativt sett har det blitt litt færre små buskapar.

Om statistikken
Dyretala er henta frå Utvalsteljing for landbruket 1997. Utvalsteljinga har og med miljørelaterte spørsmål og arbeidsinnsats. Resultat frå desse emneområda blir publiserte i Ukens statistikk og NOS Jordbruksstatistikk så snart dei ligg føre.

[Figur 15]

Figur 15: Tal driftseiningar, etter storleiken på jordbruksareal i drift


Ny statistikk

Utvalsteljing for landbruket. Driftseiningar og husdyr, per 1. juni 1997. Førebels tal.
Statistikken er ein del av Utvalsteljing for landbruket og kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61, e-post: sda@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 49, 1997