[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 44, 1997

Konjunkturbarometeret, 3. kv. 1997:

Optimisme i industrien


Auka produksjon og høg aktivitet gjer at leiarane i industrien ser positivt på utsiktene for 4. kvartal 1997. Det syner Statistisk sentralbyrå sitt konjunkturbarometer. Solide ordrebehaldningar og betre eksportprisar er andre forhold som vert lagde vekt på.
Industriproduksjonen gjekk vidare opp i 3. kvartal, men dempa seg noko jamført med førre kvartal. Ei viss avdemping var også venta av industrien. Det er den offshore-retta delen av verkstadindustrien som har hatt den sterkaste oppgangen. Utviklinga i eksportretta industri har derimot skote fart gjennom 2. og 3. kvartal. Det gjeld særskilt kjemisk råvareindustri og metallindustrien, men og treforedling er inne i ein sterk periode. For industrien samla låg kapasitetsutnyttinga i 3. kvartal på 83,2 prosent, sesongjustert og glatta, det vil seia på same nivå som i 2. kvartal. Produksjonsoppgangen vil truleg halde fram i 4. kvartal, der offshore-retta industri ventar noko sterkare oppgang enn andre bransjar.

Stor etterspurnad og store ordrebehaldningar
Etterspurnaden frå heimemarknaden er ein viktig faktor bak produksjons-utviklinga. I 3. kvartal gjekk veksten i ordretilgangen frå heimemarknaden noko opp, sesongjustert og glatta. Det var i fyrste rekkje konsumvare- og innsatsvareproduserande bransjar som kan syna til oppgang. Utviklinga må sjåast i lys av at produsentprisane har betra seg for ein del bransjar, og at auken av den grunn berre eit stykke på veg representerer volumoppgang. Etterspurnaden frå eksportmarknadene har betra seg gjennom 1997 - påverka av prisutviklinga på sentrale norske eksportprodukt. For industrien samla låg etterspurnaden i 3. kvartal på same nivå som i 2. kvartal. Bransjar som treforedling, kjemiske råvarer og metallindustrien melder alle om nokså kraftig oppgang.

Også samla ordrebehaldning auka i 3. kvartal, sesongjustert og glatta. Det var i fyrste rekkje konsumvareproduserande bransjar som hadde auke. Det er og berre konsumvareproduserande bransjar som ventar meir auke i 4. kvartal. Dette bilete av ordresituasjonen vert og støtta av indikatoren for kor lenge produksjonen kan førast vidare med gjeldande ordrebehaldning (talet på arbeidsmånader) ved dagens aktivitetsnivå. I 3. kvartal fell denne indikatoren til 3,8 månader etter 4,1 månader i 2. kvartal. Nedgangen reflekterer truleg både det høge produksjonsnivået og at auken i etterspurnaden eit stykke på veg er basert på stigande prisar i eksportmarknaden og på heimemarknaden.

Flaskehalsar og presstendensar
Med det høge aktivitetsnivået gjer og flaskehalsar og presstendensar seg gjeldande. Indikatoren for ressursmangel, sesongjustert og glatta, gjekk i 3. kvartal opp i vel 42, etter 40 i førre kvartal. Bak utviklinga i dei siste kvartala ligg i fyrste rekkje ein kraftig auke i delen av foretak med full kapasitetsutnytting, det vil seie har ei utnytting som er 95 prosent eller høgare. Delen av foretak som melder om mangel på arbeidskraft er på same nivå som i førre kvartal - eit høgt nivå jamført med tidlegare år.

Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval større foretak innan bergverksdrift og industri. Bruttoutvalet er på om lag 670 foretak - dei fleste med 100 eller fleire sysselsette. Deltakinga er frivillig og svarprosenten ligg normalt på vel 80. Statistikken kartlegg industrileiarane sine vurderingar av konjunktursituasjonen og -utsiktene for ein del faste kjenneteikn. Kvart foretak sitt svar vert vege med sysselsettinga. Frå og med 1. kvartal 1997 vert det publisert ujusterte og glatta diffusjonsindeksar for industri og bergverksdrift og indikatorar for kapasitetsutnytting og ressursmangel. Det vert og publisert analysetabellar for industrien, innsatsvareindustri, investeringsvare-
industri og konsumvareindustri. I tillegg vert det publisert dei vanlege tabellane med svarfordelingar på enkeltspørsmål og tal for enkelte kjenneteikn etter næring.

[Figur 10]

Figur 10: Indikator for ressursmangel, industri. Sesongjustert og glatta serie. Kvartal. 1984-1997


[Figur 11]

Figur 11: Flaskehalsar i produksjonen ; industri. Prosent. Sesongjusterte og glatta seriar. Kvartal. 1984-1997


Ny statistikk

Konjunkturbarometeret, 3. kv. 1997.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk. Meir informasjon: Tom Andersen, tlf. 21 09 47 29, e-post: tla@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 44, 1997