[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 44, 1997

Omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning, mars/april 1997:

Auka omsetning av energivarer


Bedriftene innan olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning omsette for om lag 109 milliardar kroner i mars og april i år. Det er opp 6,2 prosent frå same periode i fjor. Auken i omsetninga av energivarer er lågare enn i dei førre månadene, men gjekk opp med 7,6 prosent, jamført med same periode sist år.
Omsetninga av energivarer var 45 526 millionar kroner i mars og april i år. Det er 7,6 prosent høgare enn i fjor. Omsetninga dei to førre månadene låg 18,2 prosent høgare, medan det i november og desember i fjor vart omsett for 36,1 prosent meir enn året før.

Olje- og gassutvinning omsette for 28 635 millionar kroner i mars og april i år. Det var 11,1 prosent meir enn i fjor. Høgare produksjon og råoljeprisar bidrog til auken. Stigninga er jamvel lågare enn i januar-februar på grunn av lågare råoljeprisar enn ved årsskiftet.

Kraftforsyning omsette for 13 445 millionar kroner i mars og april i år, ned 0,1 prosent frå i fjor. Lågare omsetning på spotmarknaden trakk omsetninga ned. Spotprisane var om lag halverte frå same tid i fjor, medan volumet var noko høgare.

Industrien
I industri og bergverksdrift vart det omsett for 67 250 millionar kroner, ein oppgang på 5,6 prosent frå i fjor. Auken er størst innan mineralproduktindustrien. Der vart det omsett for 2 057 millionar kroner, opp 29,0 prosent frå i fjor. Større byggjeverksemd enn i fjor har auka etterspurnaden etter byggjematerialar som sement, murstein, betong og liknande.

Metallindustrien omsette for 5 307 millionar kroner, opp 3,2 prosent frå i fjor. Det er første gongen sidan juli og august i fjor at det er auke i omsetninga. Aluminiumindustrien kopla inn att ovnar i februar, etter at dei i 1994 vart kopla ut for å bringe lagra av aluminium ned. Saman med høgare prisar på aluminium medverka dette til auka omsetning.

Om statistikken
I statistikken nyttast berre manntalet over merverdiavgiftspliktige. På grunn av eit etterslep i innrapporteringa til Skattedirektoratet og oppdateringar av bedriftsopplysningar reknast tala for det siste året på nytt. Sjå også Ukens statistikk nr. 8/96 for meir informasjon om statistikken. Statistisk sentralbyrå publiserer og tal for detaljhandelen og bygg- og anlegg på grunnlag av samme kjelde.

Ny statistikk

Omsetningsstatistikk. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning, mars/april 1997.
Statistikken kjem ut annankvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Espen Sørensen, tlf. 21 09 49 11, e-post: esn@lynx.ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 44, 1997