[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 38, 1997

Kommunalt avløp, 1996. Hydraulisk kapasitet:

40 nye kommunale avløpsreinseanlegg i 1996


I 1996 vart det sett i drift 40 nye reinseanlegg med ein samla reinsekapasitet på om lag 81 500 personeiningar (P.E.). Frå 1995 til 1996 utgjer dette ein auke på 1,6 prosent i samla utbygd reinsekapasitet for kommunale avløpsreinseanlegg.
Nybyggingstakta for kommunale avløpsreinseanlegg har dei siste åra stabilisert seg på eit relativt lågt nivå. Av dei 40 nye reinseanlegga som vart sett i drift i 1996 har 12 anlegg høggradig reinseprinsipp og ein samla hydraulisk reinsekapasitet på 40 631 P.E. Det blei registrert til saman 2 210 kommunale avløpsreinseanlegg med ein reinsekapasitet på minst 50 P.E. i 1996. Den samla reinsekapasiteten på desse anlegga var om lag 5,4 millionar P.E.

På Aust- og Sørlandet til og med Vest-Agder (Nordsjøfylka) har dei fleste anlegga høggradige reinsetrin, det vil seie at avløpsvatnet vert reinsa enten kjemisk, biologisk eller ved ein kombinasjon av desse to metodane. I fylka nordover langs kysten frå og med Rogaland stiller myndigheitene mindre strenge krav til utslepp, og kommunane kan i større grad velje enklare reinseprinsipp for avløpsvatn, slik som til dømes slamavskiljarar, rister, silar, sandfang eller sedimenteringsanlegg. Frå 1993 til 1996 auka den samla reinsekapasiteten for høggradige anlegg i Nordsjøfylka med om lag 253 000 P.E. For resten av landet var auken på 166 000 P.E. I den same perioden auka reinsekapasiteten på mekaniske anlegg i fylka frå Rogaland til Finnmark med om lag 130 000 P.E., medan kapasiteten på tilsvarande anlegg i Nordsjøfylka endra seg lite.

Rapporteringa for 1996, som er basert på oppgåver frå 419 av landet sine 435 kommunar (98,8 prosent av det totale folketalet), viser at om lag 820 000 personar i desse kommunane var tilknytta små separate avløpsreinseanlegg i spreidd busetnad. Slamavskiljarar (42 prosent) og infiltrasjonsanlegg (33 prosent) var dei vanlegaste behandlingsmetodane for avløp frå spreidd busetnad.

[Figur 9]

Figur 9: Reinsekapasitet på nye anlegg. Heile landet. 1992-1996. 1 000 P.E.


[Figur 10]

Figur 10: Hydraulisk reinsekapasitet for kommunale avløpsreinseanlegg, etter reinse-prinsipp. Fylke 01-10 og fylke 11-201. 1993-1996. 1 000 P.E.


Om statistikken
Statistisk sentralbyrå samlar i samarbeid med miljøvernavdelingane i dei ulike fylka og Statens forureiningstilsyn årleg inn driftsdata frå kommunale avløpsreinseanlegg.

Personeiningar (P.E.) er ein måleeining for storleiken på eit reinseanlegg. Gjennomsnittleg årleg utslepp frå ein person tilsvarar 1 P.E., og dersom industri med meir er tilknytta anlegget vert utsleppa herfrå omrekna til P.E. Som gjennomsnittsverdiar for utslepp per person og døgn reknar ein 400 liter vatn, 1,6 gram fosfor og 12,0 gram nitrogen.

Høggradige reinseanlegg omfattar anlegg med kjemisk og/eller biologisk reinsetrin. Høggradige reinseanlegg reduserar mengda av fosfor og andre forureinande stoff meir effektivt enn mekaniske anlegg.

Hydraulisk kapasitet er den mengda avløpsvatn eit reinseanlegg er dimensjonert for å behandle.

Ny statistikk

Kommunalt avløp, 1996. Hydraulisk kapasitet.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kjetil Mork, tlf. 62 88 54 59, e-post: mor@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 38, 1997