[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 37, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, august 1997:

3 prosent auke i materialkostnadene


Frå august 1996 til august 1997 auka materialkostnadene med 3,0 prosent for rekkjehus, medan dei steig med 2,8 prosent for einebustader og bustadblokker.
I den same perioden steig dei totale byggjekostnadene med 2,3 prosent for einebustader. For rekkjehus og bustadblokker var auken på 2,1 og 2,0 prosent.

I tidsrommet juli til august 1997 gjekk dei totale byggjekostnadene opp med 0,1 prosent både for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Dei totale materialkostnadene auka i denne perioden med 0,1 prosent for bustadblokker og med 0,2 prosent for einebustader og rekkjehus.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, august 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 79, e-post:lht@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 37, 1997