[Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 26, 1997

Lege, fysioterapi og førebyggjande tenester i kommunehelsetenesta, 1996. Førebels tal:

Ein av seks kommunar utan jordmortilbod


Kommunane blei frå 1. januar 1994 pålagde å gje tilbod om svangerskapskontroll ved jordmor knytt til helsestasjon. To år etter reforma var det 24 prosent av kommunane som ikkje hadde tilsett jordmor.
Om lag kvar tredje av desse kommunane kunne likevel gje tilbod om svangerskapskontroll ved jordmor gjennom samarbeid med andre kommunar eller sjukehus. I 16 prosent av kommunane var det per 31. desember 1996 ikkje tilbod om svangerskapskontroll ved jordmor. Dette syner førebels tal frå statistikkrutina «Personell og virksomhet i kommunehelsetjenesten».

Det blei utført om lag 220 årsverk av jordmødre i kommunehelsetenesta i 1996. Tilsvarande tal for 1995 var 200 årsverk, medan jordmortenesta utgjorde 90 årsverk i 1987. På tross av auken i ressursinnsatsen har jordmortenesta relativt få yrkesutøvarar. Eit fleirtal av kommunane har mindre enn eitt jordmorårsverk. I dei fleste små kommunar vil det ikkje vere aktuelt å tilsetje jordmødre i heile stillingar. Noko av bakgrunnen for at mange kommunar enno manglar eit tilbod, er vanskar med å få søkjarar til deltidsstillingar.

Ein av ni kommunar utan tilbod om fysioterapi
Fysioterapitenesta har sidan 1984 vore ei obligatorisk delteneste i kommunehelsetenesta. Innbyggjarane i ein av ni kommunar var utan tilbod om fysioterapi per 31. desember 1996.

Sidan 1987 har det vore ei positiv utvikling. Det er blitt stadig færre kommunar som manglar yrkesgrupper dei er pålagde å ha etter lova om helsetenesta i kommunane. Dette gjeld helsesystre, fysioterapeutar og jordmødre.

Privatisering av legetenesta
Dei ulike deltenestene i kommunehelsetenesta har hatt ein vekst i årsverk i perioden etter 1987. For fysioterapeutar og jordmødre ser denne tendensen ut til å halde seg også i 1996.

Dei fleste legane har to ulike tilknytingar til kommunen. Fastlønnslegane er tilsette i stillingar kommunen har utlyst. Avtalelegar er privatpraktiserande som inngår ein avtale om allmennpraksis med kommunen. Det var avtalelegane som i hovudsak stod for veksten av årsverk etter 1987. Fastlønnslegane hadde frå 1993 til 1996 ein reduksjon på over 300 årsverk. Noko av bakgrunnen for desse endringane er relativt dårlege lønnsvilkår for fastlønnslegane samanlikna med andre grupper av legar.

Om statistikken
Statistikken byggjer på årleg innsende oppgåver frå kommunane. Statistikkgrunnlaget inneheld i hovudsak informasjon om ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta, deira administrative tilknyting til kommunane, og omfang av arbeid som vert utført i ulike verksemder i kommunehelsetenesta. I statistikken for 1996 blei spørsmål om kommunane sin organisering av jordmortenesta og fysioterapitenesta medrekna i statistikkgrunnlaget.

[Figur 1]

Figur 1: Endring i utførte årsverk av legar i kommunehelsetenesta utanfor institusjonar for eldre, etter administrativ tilknyting til kommunane.1987-1996


[Figur 2]

Figur 2: Utførte årsverk av ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta utanfor institusjonar for eldre og heimetenestene. 1987-1996


Ny statistikk

Lege, fysioterapi og førebyggjande tenester i kommunehelsetenesta, 1996. Førebels tal.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon: Vera Løwer, tlf. 21 09 49 26, e-post: vlo@ssb.no eller Jon Erik Finnvold, tlf. 21 09 45 46, e-post: jef@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 26, 1997