[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 25, 1997

Konsumprisindeksen, per 15. mai 1997:

Forbrukarprisen på elektrisitet framleis høg


Trass i fallet i prisane på elekt-risitet til hushalda dei siste månadene, er prisnivået stadig 8,6 prosent høgare enn mai i fjor. Heile 90 prosent av elverka har framleis eit prisnivå som er høgare enn på same tid i fjor.
Konsumprisane steig med 0,3 prosent frå april til mai 1997. Frå mai 1996 til mai 1997 har prisane gått opp med 2,7 prosent. Det har vore ein nedgang i tolvmånadersveksten i første kvartal som i all hovudsak hang saman med utviklinga i prisen på elektrisk kraft. Totalindeksen for mai var 269,7.

Sjølv om prisen på elektrisk kraft til hushalda har falle dei siste tre månadene, er prisnivået for elektrisitet om lag 20 prosent høgare enn ved omlegginga av den norske kraftmarknaden i 1991. I perioden 1991 til 1997 har meirverdiavgiftene gått opp frå 20 til 23 prosent, og avgiftene på elektrisitet har stege frå 4 til 5,62 øre per kWh. Auke i meirverdiavgifta samt avgiftspåslag kan like fullt ikkje forklare heile prisauken på elektrisitet i denne perioden. Høgare prisar på både nettleige og kraft ligg også bak auken i elektrisitetsprisane.

Alle landsdelane har eit prisnivå i mai i år som er høgare enn tilsvarande månad i fjor. Hushalda på Vestlandet og i Trøndelag betaler i gjennomsnitt dei høgaste elektrisitetsprisane, medan det berre er små skildnader mellom dei andre regionane.

Dyrare kaffe
Prisen på kaffe held fram med å stige. Så langt i år har kaffeprisane på dei internasjonale råvarebørsane stege kraftig. Sidan januar har dette ført til ein prisauke til forbrukar på vel 15 prosent. Vi må attende til sommaren 1994 for å finne tilsvarande prisauke på kaffe. Den gongen steig prisane med heile 30 prosent. Årsaka til pris-auken i år kom først og fremst nattefrosten i Brasil i 1994, som øydela store delar av dei viktigaste kaffeområda. Frosten førte til lågare produksjon, mellom anna fordi kaffebøndene gjekk over til å dyrke andre matvarer. I tillegg har forbruket av kaffe auka dei siste åra. Dette har i kombinasjon med lågare produksjon resultert i eit underskot på kaffe. Prisnivået på kaffe er likevel langt under toppnivået i november 1994.

Moderat prisstigning på bilar
Så langt i år registrerer vi berre ein moderat prisauke på bilar. Auken i avgifta ved årsskiftet har berre gitt svake utslag på bilprisane. Det er dyre bilar som stig mest i pris. Nivået på bilprisane er no på same nivå som i september 1994. Styrkinga av den norske krona ved inngangen til 1997 gav forventningar om billigare importvarer. Dette kan være ei medverkande årsak til at prisane ikkje har gått opp med meir enn knapt 1,5 prosent sidan årsskiftet. Dei siste tolv månadene har bilprisane stege med 2,5 prosent. Omlegginga av avgifta på bilar ved nyttår 1996, førte derimot til eit fall i bilprisane på 4,6 prosent i januar 1996.

Harmonisert indeks
Den norske harmoniserte konsumprisindeksen, som vert laga for internasjonale samanlikningar av prisutviklinga, steig med 0,3 prosent frå april til mai 1997. Auken dei siste tolv månadene var 2,8 prosent.

Om statistikken
Konsumprisindeksen sitt prismateriale er faktiske utsalsprisar per den 15. i månaden. For perioden august 1996 - juli 1997 byggjer vektgrunnlaget på forbruksundersøkingane for 1993, 1994 og 1995.

Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er et utval på om lag 800 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytingar - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen vert henta inn frå eit utval på om lag 2000 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

[Figur 5]

Figur 5: Utviklinga i prisen på elektrisk kraft til hushalda. Indeks 1979 =100


Ny statistikk

Konsumprisindeksen, per 15. mai 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Mer informasjon: Berit Koht, tlf.
21 09 44 58, e-post: bkt@ssb.no, Randi Johannessen, tlf. 21 09 47 30, e-post: raj@ssb.no, Lasse Sandberg, tlf. 21 09 47 16, e-post: san@ssb.no, Geir Ormseth, tlf. 21 09 47 22, e-post: geo@ssb.no.

Tabellar


Ukens statistikk nr. 25, 1997