[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 22, 1997

Byggjearealstatistikk, april 1997:

Størst auke for undervisningsbygg


Dei fire første månadene i år vart det sett i gang bygging av 16 prosent meir bruksareal enn i same periode i fjor. Byggjeaktiviteten har auka både for bustader og andre bygg. Mange nye undervisningsbygg vart påbegynt i denne perioden.
I alt 1 984 100 kvadratmeter bruks-areal vart sett i gang desse fire månadene. Dette er det høgste igangsetjingstalet sidan 1988. Talet ligg likevel om lag 20 prosent under nivået i perioden 1986 til 1988.

Undervisning og offentleg forvalting
6 041 bustader var påbegynte i denne perioden, 29 prosent fleire enn i same periode i fjor. Påbegynt bruksareal til andre bygg enn bustader var 7 prosent høgare enn i 1996. Størst prosentvis auke var det innan næringane undervisning og offentleg forvalting, om lag ei tredobling. Næringa finansiell tenesteyting og forsikring hadde størst prosentvis nedgang.

Høge apriltal
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i mars 1997 vart i hovudsak registrerte i GAB-registeret i april, og kjem derfor med på statistikken for denne månaden.

Sjølv om tala for april også inneheld bygg som vart sette i gang i Trondheim kommune i mars, var byggje-aktiviteten denne månaden uvanleg høg. I alt 1 896 bustader vart registrerte påbegynte i april i år mot 1 360 i fjor. Igangsett bruksareal til bustader denne månaden var 44 prosent høgare i år enn i fjor, medan bruksareal til andre bygg enn bustader låg 61 prosent over nivået i fjor. I alt 262 000 kvadratmeter bruksareal vart påbegynt til slike bygg denne månaden. Størst igangsetjing av andre bygg enn bustader var det i Akershus og Rogaland. Knapt halvparten av det påbegynte arealet til slike bygg i Akershus vart sett i gang innan næringa varehandel. I Rogaland vart mest bruks-areal påbegynt innan næringa undervisning.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i april 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 2,7 månader for bustader og 1,4 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 4]

Figur 4: Igangsett bruksareal til anna enn bustader, etter brukaren si næring. Januar-april. 1996 og 1997


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, april 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 22, 1997