[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse]

Ukens statistikk nr. 11, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, februar 1997:

Prisauke på stein-, jord- og sementarbeid


Materialkostnadene for stein-, jord- og sementarbeid auka med 1,2 prosent for einebustader frå januar til februar 1997. Dei tilsvarande tala for rekkjehus og bustadblokker var 0,5 og 0,4 prosent.
Dei totale byggjekostnadene auka med 0,3 prosent for einebustader og 0,2 prosent for rekkjehus og bustadblokk frå januar til februar 1997. Materialkostnadene auka med 0,4 prosent for einebustader og rekkjehus og 0,3 prosent for bustadblokker i same periode.

Frå februar 1996 til februar 1997 auka dei totale byggjekostnadene for einebustader, rekkjehus og bustadblokker med 1,6, 1,5 og 1,7 prosent. Materialkostnadene auka i same periode med 1,6 prosent for einebustader, 1,7 prosent for rekkjehus og 2,1 prosent for bustadblokker.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som
Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, februar 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Solveig Nygårdseter, tlf. 62 88 51 74, e-post: snl@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 11, 1997