[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 9, 1997

Byggjearealstatistikk, januar 1997:

Mange nye yrkesbygg


I januar vart det sett i gang bygging av 15 prosent meir bruksareal til andre bygg enn bustader enn same månad i fjor. Trenden i igangsett bruksareal til slike bygg er
positiv.

I alt vart det sett i gang bygging av 338800 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i januar. Vel ein tredjedel av arealet vart påbegynt innan varehandel og fritidseigedomar som for eksempel hytter, garasjar for private og anna som ikkje er næring. Også i januar 1996 var det størst aktivitet innan desse to områda. På fylkesbasis er det Rogaland som har størst igangsetjing av bruksareal til andre bygg enn bustader. I dette fylket vart det sett i gang bygging av 55 100 kvadratmeter bruksareal til slike bygg.

28 prosent fleire bustader
Det vart sett i gang bygging av 1 527 bustader og 219 600 kvadratmeter bruksareal til bustader i januar. Dette er ein auke på 28 prosent for talet på bustader og 19 prosent for bruksarealet til bustader i høve til januar i fjor. Samanlikna med 1995 er likevel ikkje aktiviteten i januar unormalt høg. Då vart 1 793 bustader og 234900 kvadratmeter bruksareal til bustader påbegynt. Hordaland hadde størst igangsetjing i januar med 263 bustader og 42 000 kvadratmeter bruksareal til bustader.

Trondheim kommune manglar
Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i januar 1997 er ikkje registrert i GAB-registeret. Januartala for 1997 i teksten ovanfor og i vedleggstabellane er derfor unnateke Trondheim kommune.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader, og 2,2 månader for bruksareal til
andre bygg. For bygg registrerte i januar 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 3,5 månader for bustader og 2,1 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 5]

Figur 5: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-januar 1997


[Figur 6]

Figur 6: Tal på igangsette bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-januar 1997


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, januar 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 9, 1997