[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 05, 1997

Jordbruksareal og husdyr, per 31. juli 1996 (førebels tal):

Kornarealet ned 9 prosent på fem år


Dei siste fem åra har kornarealet minka år for år medan arealet av eng til slått og beite har auka. Sidan 1991 har samla jordbruksareal i drift auka med om lag 222 000 dekar, til 10,3 millionar dekar. Auken i jordbruksarealet og omlegginga frå korn til eng, må sjåast i samanheng med omlegging av stønadsordningane i jordbruket. Desse har dei seinare åra blitt lagt om i retning av meir produksjonsnøytrale areal- og kulturlandskapstilskot.
Kornarealet har sidan 1991 gått ned med 9 prosent til vel 3,3 millionar dekar, noko som utgjer 32 prosent av jordbruksareal i drift. Sidan 1995 har arealet av kveite gått ned med 67 300 dekar til 590 000 dekar, medan havrearealet har auka med 35 700 dekar til 968 000 dekar.

Kornarealet fordelte seg med 52 prosent bygg, 29 prosent havre, 19 prosent kveite og 1 prosent rug. Østfold, Akershus/Oslo, Hedmark og Vestfold er dei største kornfylka, og har til saman 66 prosent av det totale kornarealet i landet. Oljevekstarealet minka siste året, og er utrekna til 77 600 dekar i 1996.

Eng og potet
Areal av eng til slått og beite har auka dei seinare åra. Auken har vore særleg stor for overflatedyrka eng og gjødsla beite. I 1996 var det 4,8 millionar dekar fulldyrka eng og 1,3 millionar dekar anna eng. Auken i engarealet heng saman med strengare krav til spreieareal for husdyrgjødsel og omlegging til meir produksjonsnøytrale tilskotsordningar. Potetarealet var 182 000 dekar i 1996. Hedmark har det største potetarealet, og her auka arealet med 3 100 dekar eller 6 prosent frå året før.

Fleire husdyr
Statistikken viser auke i talet på alle dyreslag, unnateke geiter og høner.

Sidan 1995 har talet på ammekyr auka med 13 prosent til 24 000 dyr, medan talet på mjølkekyr har endra seg lite og var 318 000. Talet på anna storfe auka med knapt 2 prosent siste året til 663 100 dyr. Rogaland hadde flest kyr i 1996 med 56 000 dyr. Dette utgjer 16 prosent av talet for landet. I dei typiske kornfylka Østfold, Akershus/Oslo, Hedmark og Vestfold har talet på storfe auka med 12 prosent til 128 000 dyr frå 1991 til 1996. Dette kjem av auke i spesialisert kjøtproduksjon på storfe.

I 1996 var talet på alssvin 93 000, ein auke på 2,3 prosent frå året før. Talet på slaktesvin påsett i perioden 1. januar til 31. juli 1996 var 732 000, ein auke på 8 prosent i høve til same periode i 1995.

Talet på kylling sette på til slakt i perioden 1. januar til 31. juli 1996 var 12,4 millionar, ein auke på 12 prosent frå same periode året før.

Både for slaktesvin og slaktekylling kjem auken som følgje av at den enkelte produsent auka talet på dyr. Talet på produsentar er om lag uendra. Auka produksjon per produsent har samanheng med dei nye og høgare konsesjonsgrensene for slaktedyr.

Om statistikken
Statistikken er bygd på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstillegg i jordbruket per 31.juli og utrekna tillegg for brukarar som ikkje søkte.

Ny statistikk

Jordbruksareal og husdyr, per 31. juli 1996 (førebels tal).
Statistikken utkjem årleg i Ukens statistikk og Norges offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Meir informasjon: Ragnhild Langbakk Bruholt, tlf. 62 88 51 86, e-post: rab@ssb.no eller Anne Løvberget, tlf. 62 88 52 17, e-post: ail@ssb.no .

Tabeller

Ukens statistikk nr. 05, 1997