Auken i nyetableringar held fram

Publisert:

Sidan 2010 har talet på nyetableringar gått opp kvart år. I 2016 vart det etablert 60 500 nye føretak. Det er 5 prosent fleire enn året før og på same nivå som dei to føregåande åra.

Det blei etablert flest føretak i Oslo og Akershus som stod for høvesvis 22 og 12 prosent av nyetableringane, det same nivået som året før. Dei same tala finn vi også på nedleggingar, der Oslo opplevde 22 prosent og Akershus 13 prosent av alle nedleggingane.

  • Sjå fleire tal og tabellar i statistikken Føretak

Figur 1. Nyetableringar og nedleggingar

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016¹
Nyetableringar 45981 46910 51148 51622 54539 57866 60474
Nedleggingar 47666 52110 49624 48094 52685 55385 58252

I 2015 blei det lagt ned 55 400 føretak, og samanlikna med 2014 var det ein oppgang på 5 prosent. Det var fleire nedleggingar i alle fylka, unnateke Hedmark og Finnmark. Dei fylka som hadde den største prosentvise auken i talet på nedleggingar, var Sogn og Fjordane, Telemark og Vestfold.

 

 

Kontakt