Dei siste tala frå utanriksrekneskapen viser at handelsbalansen i andre kvartal hadde eit overskot på 232 milliardar kroner. Det er ein auke på 101 milliardar kroner samanlikna same kvartale året før. Oppgangen er knytt til høge petroleumsprisar etter stenginga av Hormuzsundet. Overskotet utgjer ein storleik på 20 prosent av BNP til Fastlands-Noreg.

  • Tala viser også at overskotet til driftsbalansen var høgare enn førre kvartal og langt høgare enn same kvartal året før. 
  • Handelsbalansen ble sterkt påverka av at høgare olje- og gassprisar ifrå mars heldt seg gjennom andre kvartal, noko som gav ein tydeleg auke samanlikna med same kvartal i fjor. 
  • Finansreknskapen visar nettofinansinvesteringar på 470 milliardar kroner i andre kvartal 2026, tilsvarande beløp for første kvartal 2026 var 279 milliardar kroner.
  • Nettoformuen auka med 3 408 milliardar kroner i løpet av andre kvartal 2026, opp til 22 825 milliardar kroner, som tilsvarar ein oppgang på 17 prosent frå kvartalet før.

Driftsrekneskapen 

Markant auke i handelsbalanseoverskotet i andre kvartal  

I andre kvartal 2026 eksporterte Noreg varer og tenester for i alt 701 milliardar kroner målt i løypande prisar. Dette er ein auke på 105 milliardar samanlikna med same periode året før, eller 18 prosent høgare. 

Eksporten av varer utgjorde 533 milliardar kroner, som er om lag 24 prosent opp frå andre kvartal 2025. Den sterke oppgangen skuldast eksporten av olje og gass steig med 35 prosent. Andre varar hadde ein oppgang på 6 prosent. Eksporten av tenester var 168 milliardar i andre kvartal. Dette er ein auke på 1 prosent samanlikna med same kvartal førre år. 

Samla import av varer og tenester til Norge utgjorde 469 milliardar kroner i andre kvartal 2026, opp 1 prosent frå same periode i fjor. Vareimporten var opp 4 prosent i same periode, mens tenesteimporten var ned 3 prosent frå andre kvartal i fjor. Import av reisetrafikk og informasjonstenester var svakare enn på same tid i fjor og bidrog til nedgangen.

Handelsbalansen utanom petroleumseksport har vore ganske stabil dei siste kvartala og viste eit underskot på 114 milliardar kroner i andre kvartal 2026.

For meir informasjon om eksport og import av ulike varar og tenester, informasjon om volum- og prisutvikling i eksport og import, samt sesongjusterte tal, sjå Kvartalsvis nasjonalrekneskap.

Figur 1. Driftsbalansen overfor utlandet. Milliardar kroner

Driftsbalansen er summen av handelsbalansen og rente- og stønadsbalansen. Handelsbalansen omfattar eksport av varer og tenester fråtrekt import. Rente- og stønadsbalansen består av løn, formuesinntekter og -utgifter, samt løpande overføringar og stønad til og frå utlandet. Renter og aksjeutbyte frå utlandet til Statens pensjonsfond utland utgjer det største bidraget til overskotet på rente- og stønadsbalansen.

Høgare rente- og stønadsbalanse i andre kvartal

Overskotet til driftsbalansen enda på 279 milliardar kroner i andre kvartal, 94 milliardar kroner høgare enn i andre kvartal 2025 som følgje av høgare olje- og gassprisar. 

Rente- og stønadbalansen viste eit overskot på 47 milliardar kroner i andre kvartal 2026. Dette er ein oppgang på 12 milliardar kroner frå første kvartal, men 7 milliardar kroner svakare enn andre kvartal i fjor. Rente- og stønadbalansen syner eit sesongmønster der årets andre kvartal ofte er sterkt. 

Finansrekneskapen

Noreg sin nettoformue, eller nettofordringar overfor utlandet, auka med 3 408 milliardar kroner i andre kvartal 2026. Dette gav dei høgaste nettofordringane nokosinne på 22 825 milliardar kroner. Denne auken skuldast aller mest store prisgevinstar på norske porteføljeinvesteringar i utlandet. I tillegg bidrog ei svakare krone og høge nettofinansinvesteringar til den auken.

 

Figur 2. Utvikling i Noreg sin finansrekneskap overfor utlandet. Milliardar kroner

Sterk positiv utvikling på globale børsar og ei svakare krone 

Statens pensjonsfond utland hadde i andre kvartal 2026 ein samla kursgevinst på rundt 2 476 milliardar kroner. Av dette stod prisgevinstar på viktige børsar i utlandet for mesteparten av auken, mens resten forklarast av valutagevinstar av ei svakare norsk krone som svekka seg mot sentrale valutaer som dollar, euro og britiske pund.

Høgare porteføljeinvesteringar i utlandet 

Nettofinansinvesteringane i andre kvartal 2026 enda på 470 milliardar kroner. Samanlikna med tilsvarande tal dei siste åra er dette eit høgt tal. Høge porteføljeinvesteringar i utlandet på 392 milliardar kroner bidrog mest, meir spesifikt er det kjøp av obligasjonar og sertifikat i utlandet på 315 milliardar kroner.

Driftsrekneskapen

I denne publiseringa er tal for 1. kvartal 2026 revidert som del av ein løpande revisjons- og publiseringssyklus.

Finansrekneskapen

Tall f.o.m 1. kvartal 2025 er revidert.