22764
/utdanning/statistikker/utgrs/arkiv
22764
13 prosent har nynorsk som målform
statistikk
2010-04-28T10:00:00.000Z
Utdanning;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
utgrs, Elevar i grunnskolen, barneskolar, ungdomsskolar, kombinerte skolar, spesialundervisning, private skolar, skolestorleik, morsmålsopplæring, målform, bokmål, nynorsk, PC-tilgangKOSTRA, Grunnskoler, Utdanning, Innvandring og innvandrere, Utdanning, Offentlig sektor
false

Elevar i grunnskolen1. oktober 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

13 prosent har nynorsk som målform

Skoleåret 2009/10 hadde 13 prosent av alle elevane i grunnskolen nynorsk som målform. I løpet av dei siste ti åra har delen elevar med nynorsk som opplæringsmålform gått ned med 2 prosentpoeng.

81 200 elevar i grunnskolen hadde nynorsk som opplæringsmålform per 1. oktober 2009. 88 prosent av desse elevane blei registrerte i dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I to av fylka, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, var det fleire elevar med nynorsk enn med bokmål. I Sogn og Fjordane hadde heile 97 prosent av elevane nynorsk som opplæringsmålform. Vel 900 elevar hadde samisk som opplæringsspråk, dei aller fleste i Finnmark.

Fleire får særskild norskopplæring

Hausten 2009 fekk 41 500, eller nærare 7 prosent, av elevane særskild norskopplæring. Det er ein auke på 700 frå førre skoleår. Drygt 30 prosent av elevane som fekk særskild norskopplæring, gjekk på skole i Oslo.

Talet elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring eller tilrettelagt opplæring har berre hatt ein liten auke det siste året og har vore stabilt dei siste fire åra. 22 335, eller 3,6 prosent, av elevane fekk slik opplæring per 1. oktober 2009.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB