Rapporter 2013/28

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2013

Minimumssatsane for eigenbetaling i dei kommunale barnehagane ligg i gjennomsnitt på 1 564 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 326 kroner.

Minimumssatsane for eigenbetaling i dei kommunale barnehagane ligg i gjennomsnitt på 1 564 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 326 kroner.

Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, var på landsbasis høvesvis 2 125, 2 258 og 2 298 kroner per januar 2013. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 564 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 326 kroner. 93 prosent av kommunane, det vil seie 399 av 428, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 330 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000 viste nedgang på 0,7 prosent frå januar 2012. Dei andre estimata viste minimale endringar.

93 prosent av dei private barnehagane som er undersøkte, rapporterar at dei nyttar ein maksimumssats som følgjer fastsett maksimalsats på 2 330 kroner, medan 28 prosent rapporterar at dei tilbyr inntektsgraderte satsar. Alle dei private barnehagane byr på syskenmoderasjon for hushald med to eller fleire barn.

Formålet med denne undersøkinga er å kartleggje nivået på og betalingsreglar knytte til foreldrebetaling i barnehagar. Undersøkinga omfattar ei totalteljing blant kommunane basert på elektronisk datafangst gjennom KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering). Rapporten innheld også opplysningar om dei private barnehagane.

Rapporten er laga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (Udir) og arbeidet er finansiert av Barne- og Familiedepartementet, seinare Kunnskapsdepartementet (KD) no Utdanningsdirektoratet (Udir).

Om publikasjonen

Tittel

Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2013

Ansvarlig

Jon Scheistrøen

Serie og -nummer

Rapporter 2013/28

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Barnehager

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8700-8

ISBN (trykt)

978-82-537-8699-5

ISSN

1892-7513

Antall sider

26

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt