[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 18, 1998

Byggjearealstatistikk, mars 1998:

Mange nye bustader i Sør-Trøndelag


Dei tre første månadene i år vart det registrert igangsett 538 bustader i Sør-Trøndelag fylke. Det er meir enn tre gonger så mange som i perioden januar til mars i fjor.
Det er også stor auke i registrerte bustader i Oslo og Møre og Romsdal dei tre første månadene i år. I begge desse fylka er igangsetjingstala dobla. I landet sett under eitt vart 5 066 bustader registrert igangsette i denne perioden mot 4 145 i fjor. Dette er ein auke på 22 prosent. Igangsett bruksareal auka med 12 prosent.

15 prosent fleire bustader i mars
I mars i år vart det registrert igangsett 1 529 bustader mot 1 330 i fjor. Det motsvarer ein auke på 15 prosent. Igangsett bruksareal til bustader auka med 6 prosent i same periode.

I mars vart det registrert 234 600 kvadratmeter igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Det er 6 prosent meir enn i mars 1997. Dei tre første månadene i år auka igangsett bruksareal til slike bygg med 4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Størst auke i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader var det innanfor næringa transport og kommunikasjon. Dette kjem i stor grad av at det er sett i gang arbeid med eit parkeringshus på Gardermoen.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i mars 1998 er etterslepet gjennomsnittleg 2,7månader for bustader og 2,1 månader for andre bygg enn bustader.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 8]

Figur 8: Talet på igangsette bustader. Fylke. Januar-mars 1998


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, mars 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: john.egil.bjorke@ssb.no, tlf. 62 88 54 30, eller ingvei.seliussen@ssb.no, tlf. 62 88 55 15.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 18, 1998 [an error occurred while processing this directive]