[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse]
Ukens statistikk nr. 05, 1997

Mykje nytt bruksareal til yrkesbygg


Førebels tal viser at det vart sett i gang 3 613 000 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i 1996 mot 3 079 600 kvadratmeter i 1995. Tala viser også at det vart sett i gang 18 300 bustader i 1996.
Igangsetjingstalet for andre bygg enn bustader har auka jamt sidan 1991. Påbegynt bruksareal til slike bygg i 1996 er 17 prosent høgare enn i 1995. Om lag ein fjerdedel av igangsett areal i 1996 gjekk til fritidseigedomar, garasjar til private og anna som ikkje er næring. Mykje bruksareal vart også påbegynt innan industri, varehandel og jordbruk og skogbruk.

Størst auke i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader frå 1995 til 1996 har Vest-Agder og Sør-Trøndelag. I begge desse fylka er auken på godt og vel 70 prosent. Også Oslo, Rogaland, Nord-Trøndelag og Troms kan visa til kraftig auke i påbegynt bruksareal til slike bygg. Størst nedgang i igangsetjingstal har Finnmark. I dette fylket vart det sett i gang 34600 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i 1996 mot 59 400 kvadratmeter i 1995. Dette tilsvarar ein nedgang på 42 prosent. Stor nedgang er det også i Sogn og Fjordane. Igangsetjingstalet i dette fylket for 1996 er 30 prosent lågare enn i 1995.

Færre, men større bustader
Førebels tal viser at det vart sett i gang 18 300 bustader i 1996 mot 19700 i 1995. Dette er ein nedgang på 7 prosent. Igangsett bruksareal til bustader i 1996 er likevel berre 1 prosent lågare enn i 1995. Dette tilseier at bustader bygde i 1996 gjennomsnittleg er større enn bustader bygde året før.

Telemark, Sogn og Fjordane og Hedmark har størst nedgang i igangsetjingstalet for bustader i 1996 i høve til i 1995. I Telemark var nedgangen 38 prosent, i Sogn og Fjordane 37 prosent og i Hedmark 31 prosent. Berre fem fylke kan visa til auke i igangsetjingstalet for bustader frå 1995 til 1996. Størst auke har Vestfold og Vest-Agder. I Vest-Agder auka igangsetjingstalet frå 606 i 1995 til 820 i 1996. Dette er ein auke på 35 prosent. For Vestfold er auken 26 prosent.

Stor aktivitet i desember
Igangsetjingstala for desember 1996 viser stor aktivitet samanlikna med desember 1995. Dei er også høge samanlikna med tidlegare år. I desember 1996 vart det sett i gang 1 795 bustader mot 1 275 i same månad året før. Dette er ein auke på 41 prosent. Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader har auka med 48 prosent. I desember 1996 vart det i alt sett i gang 327 400 kvadratmeter bruksareal til slike bygg.

Trondheim kommune manglar
Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i desember 1996 er ikkje registrert i GAB-registeret. Desembertala i teksten ovanfor og i vedleggstabellane er derfor unnateke Trondheim kommune.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er bygd på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg vert publiserte kvar månad. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i desember var etterslepet gjennomsnittleg 3,0 månader for bustader og 3,5 månader for andre bygg.

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, desember 1996.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 05, 1997