[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 04, 1997

Utvalsteljing for landbruket. Jordarbeiding og gjødsling, 1995:

Mange gardsbruk manglar gjødselplan


Frå og med 1. januar 1998 vert forskrift om gjødselplanlegging gjort gjeldande. Forskrifta slår fast at alle som søkjer produksjonstillegg i jordbruket, skal ha gjødselplan utarbeidd på grunnlag av jordprøver. I 1996 hadde 34 900 bruk, 43 prosent, slik gjødselplan, medan 46 700 ikkje hadde slik plan. Av dei som søkte produksjonstillegg i jordbruket, hadde 33 600 eller 47 prosent gjødselplan, medan 38 100 ikkje hadde slik plan.
Planane som er utarbeidde, omfattar knapt 5,2 millionar dekar, eller 51 prosent av det totale jordbruksarealet. Dette er vel 600 000 dekar meir enn året før. Dekningsgraden varierer noko mellom fylka. I Hordaland er dekningsgraden minst med 39 prosent medan den er størst i Trøndelag og Nordland på 58-59 prosent.

Kornareal som vart haustpløgd, har dei siste fire åra utgjort mellom 55 og 58 prosent av det totale kornarealet. Frå 1989 til 1992 gjekk det haustpløgde arealet sterkt ned frå 82 til 56 prosent av det totale kornarealet, eller frå 3 til 2 millionar dekar.

Frå 1991/92 har det offentlege ytt tilskott for å utsetje jordarbeidinga til våren på erosjonsutsette areal. Tilskottssatsen var 100 kroner per dekar, men har etter kvart blitt gradert etter erosjonsrisiko. I 1995/96 var satsen per dekar 30 til 120 kroner i Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold og Telemark. Satsen i dei andre fylka er blitt redusert frå 100 til 80 kroner per dekar. Endringane har ført til at utbetalte tilskott har gått ned frå 106 millionar kroner i 1994/95 til vel 81 millionar i 1995/96.

For 1995/96 vart det utbetalt tilskott til vel 1 million dekar av i alt 1,4 millionar dekar som ikkje vart haustpløgd. Haustpløying er mest vanleg i dei største kornfylka, der om lag 65 prosent av kornarealet vart haustpløgd.

I landbruket vart det i 1984/85-sesongen brukt handelsgjødsel med i alt 24800 tonn fosfor. I 1995/96 var fosformengda redusert til 13 800 tonn. Bruken av nitrogen har ikkje minka så mykje, og mengda varierer frå år til år etter veksetilhøva. Sist sesong vart det brukt 112 000 tonn nitrogen.

Ein stadig større del av bruka har redusert fosfortilførsla til eng. I 1988 tilførte 61 prosent av bruka 1 til 2 kg per dekar, medan 82 prosent av bruka tilførte tilsvarande lita mengd fosfor i 1995.

Bruk av nitrogen til fulldyrka eng har endra seg over tid, men ikkje så mykje dei siste seks åra. Om lag halvparten av bruka tilførte ei middels mengde på mellom 10 og 19 kilo per dekar i 1995.

Større bruk, som har minst 200 dekar jordbruksareal i drift, tilfører meir nitrogen og fosfor per dekar enn dei mindre bruka.

Fosforbruken til korn har gått ned dei siste åra, medan bruken av nitrogen har auka. Det er også slik at større kornbruk gjødslar sterkare både med fosfor og nitrogen enn mindre bruk.

I 1995 vart det spreidd husdyrgjødsel på om lag 3,5 millionar dekar. Ein stadig større del av spreiearealet er eng og beite, og i 1995 var 63 prosent av spreiearealet slikt areal, mot 48 prosent i 1988. Dette har samanheng med krav til storleik på spreieareal i høve til talet på husdyr.

Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval av bruk frå den fullstendige landbruksteljinga i 1989. Om lag 15 000 einingar i utvalet hadde jordbruksareal i drift 1. juni 1996.

Ny statistikk

Utvalsteljing for landbruket. Jordarbeiding og gjødsling, 1995.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk, i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk og Rapportar: Resultatkontroll jordbruk 1997 - Gjennomføring av tiltak mot forurensing - som vert gitt ut i april 1997. Meir informasjon: Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61, e-post: sda@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 04, 1997