[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 48, 1996

Høg byggjeaktivitet


Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader gjorde eit kraftig hopp oppover i august, og har sidan halde seg på dette nivået. Vi må heilt tilbake til årsskiftet 1987/88 for å finna høgare igangsetjingstal for ein periode på tre månader.

Totalt vart det sett i gang 1 280 100 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i månadene august - oktober i år. I same periode i fjor var påbegynt bruksareal 869 400 kvadrat- meter. Størst igangsetjing desse tre månadene er det for fritidseigedommar, garasjar for private og anna som ikkje er næring. Desse står for 24 prosent av igangsetjinga. Industri og undervisning står kvar for 14 prosent av det påbegynte arealet.

Stor aktivitet i Sør-Trøndelag
I oktober vart det sett i gang 468 500 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader. Det er 35 prosent meir enn i same månad i fjor. Størst igangsetjing denne månaden har Sør-Trøndelag. Der vart det sett i gang 72 900 kvadratmeter bruksareal til slike bygg. Om lag to tredjedelar av dette arealet er igangsett i samband med bygging av realfagbygget på Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet.

Større bustader
Sjølv om det no er ein positiv trend i igangsetjingstalet for bustader, er igangsetjinga i oktober i år lågare enn i oktober i fjor. I år vart det sett i gang 2 127 bustader mot 2 371 i fjor. Størst nedgang er det i Telemark og Sogn og Fjordane. Dei ti første månadene i år vart det sett i gang 15 038 bustader. Det er 8 prosent færre enn same periode i fjor. Påbegynt bruksareal i perioden er derimot på same nivå som i fjor. Dette tyder på at bustader bygde til no i år gjennomsnittleg er større enn dei som vart bygde i same perioden i fjor.

Bergen kommune
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i september 1996 vart registrerte i GAB-registeret i oktober. Tal for Bergen i juli og oktober er berre delvis registrerte. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I oktober vart det registrert igangsett 143 bustader, 21 300 kvadratmeter bruksareal til bustader og 21 900 kvadratmeter bruksareal til andre bygg i Bergen. Desse tala er inkluderte i teksten ovan- for og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret). Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i oktober var etterslepet gjennomsnittleg 2,1 månader for bustader og 2,9 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader hadde vi 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 hadde vi eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 12]

Figur 12: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader, etter brukaren si næring. August-oktober 1996


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, oktober 1996.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30 , e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 48, 1996