[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 44, 1996

19 000 nye bustader i 1996?


I dei ni første månadene i år vart det sett i gang 12 911 bustader mot 14 001 i fjor. Trenden i bustadbygginga er no svakt positiv, og i september var igangsetjingstalet 5 prosent høgare enn i fjor. Med same igangsetjing dei tre siste månadene i år som i fjor, vil talet på nye bustader i år liggja i underkant av
19 000.

Dei ni første månadene i år vart det sett i gang flest bustader i Akershus, Hordaland og Rogaland. Av desse fylka er det berre Hordaland som har høgare igangsetjingstal i 1996 enn i 1995. Der vart det sett i gang 1 661 nye bustader i år mot 1 580 i fjor. Også Vestfold, Aust-Agder, Vest-Agder, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har høgare igangsetjingstal for desse månadene i år. Totalt igangsett bruksareal til bustader til no i år ligg på same nivå som i fjor.

Mange nye yrkesbygg
I september vart det påbegynt 364000 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader mot 250 400 kvadratmeter i fjor.

I Oslo er igangsetjingstalet meir enn femdobla for denne månaden samanlikna med i 1995. Dei ni første månadene vart det i alt sett i gang 2 561 500 kvadratmeter. Det er 16 prosent meir enn i same periode i fjor.

Bergen kommune
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i juli og august 1996 vart til dels registrerte i GAB-registeret i september. Tal for Bergen i september er ikkje registrerte. Me har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I september vart det registrert igangsett 129 bustader, 20 500 kvadratmeter bruksareal til bustader og 14 100 kvadratmeter bruksareal til andre bygg i Bergen. Desse tala er inkluderte i teksten ovanfor og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret).

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i september var etterslepet gjennomsnittleg 2,1 månader for bustader og 2,0 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader hadde me i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. Det har vist seg at registrerte og faktiske tal stemmer godt overeins i året. I 1994 hadde me eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 6]

Figur 6: Tal på bustader sette i gang. Fylke.
Januar-september 1995 og 1996


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, september 1996.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 44, 1996