[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 39, 1996

Stor igangsetjing av yrkesbygg


I august vart det sett i gang 447 500 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader. Det er det høgste igangsetjingstalet for slike bygg sidan november 1988. Samanlikna med august i fjor er auken på 65 prosent.

Akershus står for knapt ein fjerdedel av det påbegynte bruksarealet til andre bygg i august. Igjen gjer utbygginga på Gardermoen stort utslag i igangsetjingstala for dette fylket. Om lag 70prosent av arealet i fylket er påbegynt i tilknyting til bygging av parkeringshus der. For dei åtte første månadene er det sett i gang i alt 2 190 700 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader, mot 1 956 600 kvadratmeter på same tid i fjor. Størst igangsetjing i denne perioden har Oslo, Akershus og Rogaland.

5028 nye bustader i sommar
Det vart sett i gang 1865 bustader i august. Totalt for sommarmånadene juni, juli og august var igangsetjingstalet 5028. Begge desse tala ligg om lag på same nivå som i fjor. Størst endring i talet på igangsette bustader i sommar har Vest-Agder. Der er igangsetjinga dobla samanlikna med i fjor sommar.

I august er det ikkje gjort oppdateringar i GAB-registeret for Bergen kommune. Dette fører til at vedleggstabellane er ufullstendige og delvis manglar tal for Bergen kommune. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I august vart det registrert igangsett 133 bustader, 17 600 kvadratmeter bruksareal til bustader og 6 400 kvadratmeter bruksareal til andre bygg i Bergen. Desse tala er inkluderte i teksten ovanfor og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret). Miljøverndepartementet eig registeret, medan Statens Kartverk har ansvaret for det faglege. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gir tal på kommunenivå.

Uvisse i statistikken
Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader, og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i august var etterslepet gjennomsnittleg 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunne liggje litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader hadde vi i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og 15,0 prosent for bruksareal til andre bygg. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 hadde vi eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader, og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, august 1996.
Statistikken blir utgitt kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 39, 1996