[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr.35. 1996

Utflating i igangsett bruksareal til yrkesbygg?


Etter vel eit år med positiv trend i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader ser det no ut til at veksten har stoppa opp. Trendtala for dei siste månadene ligg på eit nivå om lag 60 prosent høgare enn botnnivået i 1992.

Samla for dei sju første månadene i år er påbegynt bruksareal til yrkesbygg 4 prosent høgare enn på same tid i fjor. I juli vart det sett i gang 229 300 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader. For same månad i 1995 var tilsvarande tal 255 200 kvadratmeter. Også i juli 1994 var igangsetjingstalet høgare enn i år.

Mest i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal toppar statistikken i juli over påbegynt bruksareal til andre bygg enn bustader. Totalt vart det der sett i gang 35 600 kvadratmeter bruksareal. Næringane industri og undervisning står kvar for om lag ein fjerdedel av dette arealet.

Samla for mai, juni og juli er det Sør-Trøndelag som har størst auke i igangsett bruksareal til andre bygg enn bu- stader samanlikna med same periode i fjor. I dette fylket vart det i desse tre månadene i år påbegynt 40 400 kvadratmeter bruksareal mot 17 600 kvadratmeter i fjor. Stor auke i igangsetjingstala for denne perioden har også Østfold, Telemark og Troms.

Færre nye bustader
Det vart sett i gang bygging av 1 393 bustader i juli. Dette er 5 prosent færre enn i same månad i 1995. For dei sju første månadene i år er det i alt sett i gang bygging av 9 231 bustader mot 10 376 bustader for same periode i 1995. Talet på bustader sette i gang totalt i mai, juni og juli er også lågare i år enn i fjor. Utviklinga i dei fylkesvise igangsetjingstala for desse tre månadene varierer. Medan Akershus, Oslo og Telemark alle har ein nedgang i talet på igangsette bustader på over 40 prosent, er det i Vest-Agder sett i gang meir enn dobbelt så mange bustader totalt i mai, juni og juli i år som i fjor.

Bergen kommune manglar
I juli er det ikkje gjort oppdateringar i GAB-registeret for Bergen kommune. Dette fører til at vedleggstabellane er ufullstendige og delvis manglar tal for Bergen kommune. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I juli vart det registrert igangsett 56 bustader, 9 600 kvadratmeter bruksareal til bustader og 6 700 kvadratmeter bruksareal til andre bygg i Bergen. Desse tala er inkluderte i teksten ovanfor og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret). Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret.På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunne liggje litt under eller over faktiske tal.


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, juli 1996.
Statistikken vert utgitt kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no .

Tabella

Ukens statistikk nr.35. 1996