[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr.32. 1996

Byggjearealstatistikk, juni 1996:

Kraftig auke i Vestfold og Sør-Trøndelag


Første halvår i år er det sett i gang bygging av 2 697 000 kvadratmeter bruksareal, noko som er knapt 1 prosent meir enn på same tidspunkt i 1995. På fylkesnivå er endringane imidlertid store. Størst auke har Vestfold med 66 prosent og Sør-Trøndelag med 58 prosent.

I første halvår i år er det i begge desse fylka sett i gang bygging av meir bruksareal både til bustader og til andre bygg enn i første halvår i fjor. Vestfold har ein auke på 38 prosent for påbegynt bruksareal til bustader og 91 prosent for påbegynt bruksareal til andre bygg. I Sør-Trøndelag er auken i igangsette kvadratmeter bruksareal til yrkesbygg endå større. Der har påbegynt bruksareal til yrkesbygg auka frå 38500 kvadratmeter første halvår 1995 til heile 88 600 kvadratmeter i første halvår 1996. Om lag ein fjerdedel av dette arealet er sett i gang innan næringa varehandel. Auken i påbegynt bruksareal til bustader i Sør-Trøndelag er 23 prosent.

Høgare igangsetjingstal for bustader i juni
I juni vart det sett i gang bygging av 1770 bustader mot 1 760 i juni i fjor. Dette er første gong sidan oktober 1995 at talet på igangsette bustader er høgare enn i same månad eitt år tidlegare. Størst vekst har Vestfold der igangsetjingstalet for bustader i juni har auka frå 28 i 1995 til 134 i 1996. I Østfold, Agder-fylka og Sør-Trøndelag er talet på igangsette bustader i juni meir enn dobla i høve til i fjor. Totalt i første halvår er det sett i gang bygging av 7 838 bustader, noko som er vel 12 prosent færre enn i første halvår i 1995. Berre fem fylke har auke i igangsetjingstala for bustader hittil i år samanlikna med same tidspunkt i fjor. Vestfold har ein auke på 59 prosent.

Framleis auke i igangsett bruksareal til yrkesbygg
I juni vart det sett i gang 263 400 kvadratmeter bruksareal til yrkesbygg. Dette er det høgste junitalet for igangsett bruksareal for slike bygg sidan 1992. Første halvår har påbegynt bruksareal til andre bygg auka med vel 6 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor, og er no oppe i 1520600 kvadratmeter. Knapt ein fjerdedel av dette arealet går til fritidseigedommar, garasjar o.l. I tillegg har næringane varehandel og industri kvar om lag 16 prosent av arealet.

Bergen kommune
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i mai 1996 vart registrerte i GAB-registeret i juni, og kjem derfor med på statistikken for denne månaden. Tal for igangsette bygg i juni er justerte ved hjelp av tal frå GAB-registeret for bygg faktisk igangsette i Bergen kommune i mai. Dei justerte tala er inkluderte i teksten ovanfor og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret). Registeret er eigd av Miljøverndepartementet, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

[Figur 5]

Figur 5: Tal på bustader igangsette. Ujustert og trend. Januar 1990 - juni 1996


[Figur 6]

Figur 6: Bruksareal til andre bygg igangsett. Ujustert og trend. Januar 1990 - juni 1996


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, juni 1996.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr.32. 1996