[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 27, 1996

Bustadbygginga ned 15 prosent


I dei fem første månadene i år har talet på igangsette bustader gått ned vel 15 prosent samanlikna med same periode i 1995. I denne perioden er det også ein nedgang på 11 prosent i igangsett bruksareal til bustader. Påbegynt bruksareal til yrkesbygg har hittil i år auka knapt 6 prosent i forhold til i fjor.

Hittil i år er det sett i gang bygging av 6 058 bustader mot 7 152 i dei fem første månadene i 1995. Talet på igangsette bustader i mai er knapt 16 prosent lågare enn for mai i fjor.

Størst nedgang i Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane er det hittil i år sett i gang bygging av 110 færre bustader enn til same tid i 1995. Dette er ein nedgang på 64 prosent. Telemark har ein nedgang for igangsette bustader på knapt 53 prosent i denne perioden, medan nedgangen i Oslo er knapt 43 prosent. Samanlikna med i fjor er det berre Vestfold, Rogaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Finnmark som har auke i talet på igangsette bustader dei fem første månadene i år. Påbegynt bruksareal til bustader hittil i år er 900 900 kvadratmeter. På same tid i fjor var 1 012 600 kvadratmeter bruksareal sett i gang. For mai er påbegynt bruksareal til bustader vel 15 prosent mindre enn for mai 1995.

241 200 kvadratmeter til yrkesbygg i mai
I mai var igangsett bruksareal til yrkesbygg 241 200 kvadratmeter. Dette talet er knapt 23 prosent lågare enn talet for mai i fjor. Talet for fjoråret var imidlertid uvanleg høgt noko som i stor grad kjem av melding om delar av ekspedisjonsbygget på Gardermoen. Ser vi bort frå dette bygget, er nedgangen i mai berre 4 prosent. Påbegynt bruksareal til yrkesbygg i mai i år er større enn for mai 1993 og mai 1994, og trenden for igangsett bruksareal til yrkesbygg er positiv.

Nytt parkeringshus på Værnes
I Nord-Trøndelag er det sett i gang 36800 kvadratmeter bruksareal til yrkesbygg i mai. Vel 60 prosent av dette arealet kjem av parkeringshus på Værnes. I Rogaland er det i mai påbegynt mykje bruksareal til jordbruk og skogbruk. Her er 12 600 av totalt 32700 kvadratmeter påbegynt bruksareal til yrkesbygg sett i gang innanfor denne næringa.

Bergen kommune
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i februar, mars og april 1996 vart registrerte i GAB-registeret i mai. Tal for Bergen i mai er ikkje registrerte.Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I mai vart 32 bustader, 3922 kvadratmeter bruksareal til bustader og 2 291 kvadratmeter bruksareal til andre bygg registrerte igangsett i Bergen. Desse tala er inkluderte i teksten ovanfor og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret). Det er Miljøverndepartementet som eig registeret, men det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gir tal på kommunenivå.

Uvisse i statistikken
Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader, og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i mai var etterslepet gjennomsnittleg 1,7 månader for bustader og 2,0 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunne liggje litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader hadde vi i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og 15,0 prosent for bruksareal til andre bygg. På årsbasis har det vist seg at registrerte og faktiske tal stemmer godt overeins. I 1994 hadde vi eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader, og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 14]

Figur 14: Tal på bustader sette i gang hittil i år. Fylke. 1995 og 1996


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, mai 1996.
Statistikken vert utgitt kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 27, 1996