[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 25, 1996

Arbeidsinnsatsen i jordbruket, 1994/95:

Arbeidsforbruket i jordbruket flatar ut


Frå og med juni 1994 til og med mai 1995 vart det utført 170 millionar timeverk i jordbruket. Dette er 2 millionar timeverk mindre enn to år tidlegare. Medan arbeidsinnsatsen i jordbruket årleg minka med gjennomsnittleg 6 millionar timeverk i 1980-åra, var nedgangen i førstninga av 1990-åra vel 4 millionar pr. år. Dei to siste åra har nedgangen berre vore 1 million timerk pr. år.

Totalt vart det utført 179 millionar timeverk på bruk med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. 9 millionar timeverk vart brukt i skogbruk/utmarksnæringar. Av arbeidsinnsatsen i jord- og hagebruk på 170 millionar timeverk, stod brukar og ektemake for 130 millionar timeverk eller 76 prosent, andre familiemedlemmer for 21 millionar (12 prosent) og anna arbeidskraft for 18 millionar (11 prosent). Av anna arbeidskraft utgjorde fast arbeidshjelp størsteparten med 13,5 millionar timeverk, medan tilfeldig hjelp utgjorde vel 5,5 millionar timeverk.

Uendra kjønnsfordeling
43 millionar timeverk vart utførte av kvinner, medan menn utførte 127 millionar timeverk. Fordelinga av arbeidsinnsatsen mellom jordbruk og skogbruk/utmarksnæringar har ikkje endra seg nemneverdig dei siste 25-30 åra.

Flest timeverk i jordbruket hadde Oppland med 19,5 millionar, og Rogaland med 19,4 millionar. Dette heng mellom anna nært saman med ein omfattande husdyrproduksjon, stort areal og mange bruk. Minst arbeidsinnsats vart lagt ned i Finnmark med om lag 2 millionar timeverk. Mellom fylka varierte brukar og ektemake/sambuar sin del av arbeidsinnsatsen frå 70 til 81 prosent av alt arbeidet i jordbruket.

Færre timar pr. dekar, men fleire timar pr. bruk
I 1994/95 var gjennomsnittleg arbeidsinnsats pr. 100 dekar jordbruksareal 1 674 timar, i 1989/90 1 857 timar og i 1985/86 2 281 timar. Samanlikna med 1994/95 var det ein nedgang på knapt 10 prosent sidan 1989/90 og 27 prosent sidan 1985/86.

I 1994/95 hadde Sogn og Fjordane størst arbeidsinnsats pr. arealeining med om lag 3 050 timar pr. 100 dekar jordbruksareal i drift. Den høge arbeidsinnsatsen kjem av utbreidd husdyrhald, små driftseiningar og vanskelege driftsforhold elles. Minst arbeidsinnsats pr. areal var det i Østfold og Akershus med 800-900 timar pr. 100 dekar jordbruksareal. Her vert mesteparten av jordbruksarealet nytta til kornproduksjon.

I 1994/95 var gjennomsnittleg arbeidsinnsats pr. driftseining med minst fem dekar i drift 2 152 timar. Det er ein auke på om lag 110 timeverk sidan 1989/90 og 1992/93, men ein nedgang på 100 timar sidan 1985/86.

På 48 prosent av dei vel 83 000 driftseiningane vart det utført minst 2 000 timeverk i jordbruk, skogbruk og utmarksnæringar. For fem år sidan vart det utført minst 2 000 timar på 44 prosent av bruka. På 19 prosent av driftseiningane var arbeidsinnsatsen mindre enn 500 timar. I 1990 galdt dette 22 prosent av einingane.

60 700 av bruka hadde arbeidshjelp på bruket i tillegg til brukar og ektemake.

Mindre arbeid utanom bruket
I tillegg til arbeid på driftseininga, arbeidde brukar og ektemake/sambuar i alt 107 millionar timeverk utanom bruket, om lag 6 millionar mindre enn i 1989/90.

Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval av bruk frå den fullstendige landbruksteljinga i 1989. Utvalet er på om lag 24 000 einingar som leverer skjema kvart år.

[Figur 4]

Figur 4: Arbeidsinnsats i jordbruket. 1975/76-1994/95. Millionar timar


Ny statistikk

Arbeidsinnsats i jordbruket, 1994/95.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Kjell Erik Kordal, tlf. 62 88 51 82, e-post: kor@ssb.no eller Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61, e-post: sda@ssb.no.

Tabellar


Ukens statistikk nr. 25, 1996