[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr.19, 1996

Ny rekord i kjøtproduksjonen i 1995


I 1995 kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 236 200 tonn kjøt. Det er ein auke på vel 2 prosent, eller 5 100 tonn, samanlikna med rekordåret 1994. Sidan 1991 er auken på vel 12 prosent eller 26 200 tonn. Det syner førebels tal frå Statistisk sentral-byrå.

Det var fjørfe og svin som stod for auken i 1995. Det vart kontrollert 28 300 tonn fjørfekjøt, og dette er ein auke på 3 200 tonn eller 13 prosent samanlikna med 1994. Mengda av svinekjøt var på 95 800 tonn - ein auke på 4 700 tonn eller 5 prosent. Storfekjøt gjekk ned 3 prosent til 84 100 tonn, medan mengda av sauekjøt var om lag uend-ra på 24 900 tonn.

Av i alt 236 200 tonn kontrollert slakt, utgjorde svinekjøt 41 prosent, storfekjøt 36 prosent, medan saue- og fjørfekjøt utgjorde 11 og 12 prosent.

Kalkun vinn terreng
Av alt fjørfeslakt utgjorde broiler og kylling om lag tre fjerdedelar. Høns utgjorde om lag 10 prosent og kalkun 14 prosent, eller knapt 4 000 tonn. Det er kalkun som aukar mest. Frå 1994 auka den kontrollerte mengda med vel 34 prosent og med nesten 150 prosent sidan 1991.

Sesongvariasjonar
Kvartalstala frå kjøtkontrollen syner at slaktinga av storfe gjekk gradvis nedover frå 24 200 tonn i 1. kvartal til 19 100 tonn i 4. kvartal. Svineslaktinga var noko større i 4. kvartal enn res-ten av året. For sau er det slaktesesong om hausten, og 90 prosent av all sau vart slakta i 3. og 4. kvartal.

Auka slaktevekter
Gjennomsnittleg slaktevekt har dei siste fem åra auka for fleire dyreslag. Slaktevekta for svin har auka frå 75,8 kilo i 1991 til 78,7 kilo i 1995, medan slaktevekta på kvige/okse har auka frå 245,6 til 266,6 kilo. For sau har ikkje slaktevekta endra seg nemnande, da den låg på kring 20 kilo.

[Figur 4]

Figur 4: Relativ endring i slaktemengd av ulike dyreslag. 1991-1995. 1991 =100


Ny statistikk

Kontrollerte slakt, 1995.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjørg Andreassen, tlf. 62 88 52 36, e-post: jar@ssb.no. eller Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61, e-post: sda@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr.19, 1996