[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 11, 1996

Svak nedgang i miljøtilskott til jordbruket


Det vart utbetalt 78,1 millionar kroner i statstilskott til tekniske miljøtiltak i fjor. Det er 1,4 millionar kroner eller 2 prosent mindre enn året før.

Mesteparten av utbetalingane går til utbetring av gjødsellager og pressaftanlegg. I fjor gjekk 68 prosent av utbetalingane til gjødsellager og 19 prosent til silo- og pressaftanlegg. I kroner tilsvarar det høvesvis 53,1 og 14,8 millionar.

Ordninga med statstilskott til tekniske miljøtiltak vart iverksett hausten 1988. Utbetalingane auka år for år til og med 1993. Frå og med 1994 har utbetalingane gått ned.

Det vart utbetalt mest tilskott i Nord-Trøndelag. Utbetalingane i fylket var på 15,2 millionar. I Møre og Romsdal vart det utbetalt 9,6 millionar kroner, som var det nest største i landet.

Færre godkjende planar
Det vart godkjent vel 1850 planar om tekniske miljøtiltak i 1995. Det er om lag 300 færre enn året før. Innvilga tilskott i fjor var på 76 millionar, ein nedgang på 22,1 millionar kroner frå året før. I Østfold, Oppland, Vestfold, Vest-Agder og Troms var det auke i innvilga tilskott frå 1994 til 1995.

Andre investeringstiltak som omfattar nydyrking, grøfting og senkings- og lukkingsanlegg går stadig nedover. I 1995 vart det utbetalt 3,3 millionar kroner til slike tiltak.

Ny statistikk

Investeringstiltak i jordbruket, 1995.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Randi Bagaas, tlf.62 88 52 34, eller Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 11, 1996