[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 5, 1996

Lakse- og sjøaurefisket 1995:

Nedgang i sjøfisket


Det blei fiska i alt 531 tonn laks og sjøaure i sjøen i 1995. Det er ein nedgang på 129 tonn eller 20 prosent frå året før.

Fangsten var fordelt på 514 tonn laks og 17 tonn sjøaure. 22 prosent av laksen var under 3 kg, 49 prosent mellom 3 og 7 kg og 29 prosent over 7 kg. I 1994 var 40 prosent av fangsten under 3 kg. Gjennomsnittsvekta for laks var 4,2 kg i 1995, mot 3,4 kg i 1994. 370 tonn av fisken blei teken med kilenot og 161 tonn med krokgarn. Førstehandsverdien av fisket i sjøen er utrekna til om lag 27 millionar kroner.

Frå 1994 til 1995 var det ein nedgang i fangsten i alle fylka, bortsett frå Buskerud og Aust-Agder. Størst nedgang er det i Nord-Trøndelag, Nordland og Troms med 34-39 prosent. Blant kommunane hadde Namsos, Alta og Loppa dei største fangstane i 1995.

[Figur 7]

Figur 7: Sjøfiske etter laks og sjøaure. 1994 og 1995. Tonn


Ny statistikk

Sjøfiske etter laks og sjøaure, 1995.
Statistikken gis ut årleg i Ukens statistikk, Noregs offisielle statistikk (NOS) Fiske og oppdrett av laks mv. og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, Kristin H. Bagaas, tlf. 62 88 52 30.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 5, 1996