13644_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/soshjelpp/aar
13644
Stadig fleire fagpersonar i sosialtenesta
statistikk
2002-12-19T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
soshjelpp, Personell i sosialtenesta (opphørt), sosialtenesta, sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, kontortilsetteTrygd og stønad, Sosiale forhold og kriminalitet
true

Personell i sosialtenesta (opphørt)2001

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Stadig fleire fagpersonar i sosialtenesta

Talet på fagpersonar i sosialtenesta var på 2 653 ved utgangen av 2001, og det er ein auke på 12 prosent frå året før. Utdanna sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar utgjorde nær halvparten av dei tilsette i sosialtenesta ved slutten av fjoråret.

Årsverk i sosialtenesta per 1 000 innbyggjarar 18 år og over, etter fylke

Det vart registrert 5 538 stillingar i sosialtenesta ved utgangen av 2001. Dette er ein auke på 857 stillingar, eller 15 prosent frå 2000. Ser ein på talet på tilsette i forhold til folketalet (18 år og over), gjekk gjennomsnittet for landet opp frå 1,4 stillingar per 1 000 vaksne innbyggjarar i 2000, til 1,6 i 2001.

Noko av årsaka til den sterke veksten i sosialtenesta er at kommunane rapporterte på nytt skjema gjennom KOSTRA frå og med 2001. For mange kommunar vart derfor rapporteringa for 2001 meir omfattande enn tidlegare.

Fleire fagpersonar

Talet på fagpersonar i sosialtenesta var på 2 653 i 2001, ein auke på 12 prosent frå året før. Heile 48 prosent av dei tilsette var utdanna sosionomar, barnevernspedagogar eller vernepleiarar. Ved utgangen av 2001 vart det registrert 216 fleire årsverk blant sosionomane i sosialtenesta enn i 2000, då talet på sosionomar steig frå 1 980 til 2 196 i denne perioden. Den totale delen sosionomar bland dei tilsette i sosialtenesta har likevel gått ned frå 42 til 40 prosent. I tillegg til auken i talet på sosionomar, blei det registrert 16 prosent fleire årsverk blant barnevernspedagogane og 28 prosent fleire blant vernepleiarane ved utgangen av 2001 enn året før.

Auke blant dei ufaglærte

Talet på tilsette med anna utdanning/ufaglærte har auka kraftig dei siste åra. Frå 1999 til 2000 kunne ein registrere ein auke på 227 personar, eller 34 prosent, medan ein frå 2000 til 2001 registrerte ein auke på heile 356 personar, 35 prosent. Talet på tilsette med kontorutdanning/merkantil utdanning derimot gjekk som den einaste gruppa av tilsette svakt ned i 2001 i forhold til året før.

Store skilnader mellom fylka

Dei regionale forskjellane når det gjeld tilsette i sosialtenesta per 1 000 innbyggjarar er store. Som tidlegare er det Oslo som har best dekning i forhold til folketalet (18 år og over) med 2,8 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar. Vest-Agder og Sør-Trøndelag ligg like bak med 1,8 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar. Frå desse kommunane er det langt ned til Møre og Romsdal, som har lågast bemanning med 0,9 årsverk per 1 000 vaksne innbyggjarar.

Tabeller: