13364_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13364
Fleire barn plassert i omsorg
statistikk
2000-08-16T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire barn plassert i omsorg

Om lag 4 950 barn og unge var under omsorg av barnevernet ved inngangen til 2000. Dette er vel 100 fleire enn året før, ein auke på 2,2 prosent. Nær 4 300 av desse barna var plasserte i fosterheim, vel 400 i barne- og ungdomsheim og vel 200 var i andre omsorgstiltak.

I alt var det 23 800 barn som mottok tiltak frå barnevernet ved utgangen av 1999. Det er 1,5 prosent fleire enn året før. Sett i høve til talet på barn under 18 år var det, som i 1998, 21 av 1 000 barn som mottok barnevernstiltak. Som året før, mottok åtte av ti barn i barnevernet berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, støttekontakt og barnehage.

Auken skyldes lovendring

Ved utgangen av 1999 var det nær 350 fleire barn med tiltak enn året før. Samanlikna med dei to siste åra er auken liten, ettersom vi både i 1997 og 1998 kunne registrere ein auke på om lag 1 000 barn kvart år. Auken i 1999 må dessutan sjåast i samanhang med at aldersgrensa i lov om barnevernstjenester vart utvida frå 20 til 23 år. Ved inngangen til 2000 var det i alt 237 unge i alderen 20-22 år som var registrerte med barnevernstiltak. Dette er tiltak som per definisjon er hjelpetiltak, sjølv om kvar tredje av dei (34 prosent), var ungdomar som framleis var plasserte i fosterheimar. Ser vi talet på barn med tiltak 0-17 år i forhold til folketal, har det ikkje vore nokon vekst siste år. Vi ser snarare ein ørliten nedgang, sjølv om det framleis er 21 per 1 000 barn 0-17 år som mottar barnevernstiltak.

Fleire barn under omsorg

Ved utgangen av 1999 var 4 950 barn plasserte i omsorg. Det er vel 100 fleire enn året før. Talet på barn under omsorg steig siste året med 2,2 prosent, om lag same auken som året før. Lov om barnevernstjenester opnar for å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorga. Det vil difor vera fleire barn som er plasserte utanfor eigen heim enn talet på barn under omsorg. Når det gjeld barn plassert i fosterheim som hjelpetiltak, har talet auka kvart år, frå vel 300 i 1993 til nærmare 1 400 i 1999. I alt var vel 5 660 barn plasserte i fosterheim ved utgangen av 1999. Dette er 3,8 prosent fleire enn året før. Barn plassert i barnevernsinstitusjon som hjelpetiltak har òg auka dei siste åra, frå 150 i 1993 til nær 600 i 1999. Siste året var det ein auke på 13 prosent.

18 800 barn mottok hjelpetiltak

 Barn 0-17 år med barneverntiltak på slutten av året per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 1998 og 1999

Av de 23 800 barna som var registrerte med tiltak frå barnevernet ved utgangen av 1999, mottok langt dei fleste - 18 800 barn - eitt eller fleire hjelpetiltak. Resten var under omsorg. Åtte av ti barnevernsbarn (79 prosent) mottok berre hjelpetiltak per 31.12.1999 og ikkje omsorgstiltak. Dei mest vanlege hjelpetiltaka er som året før; besøksheim, støttekontakt og barnehage. Talet på barn med besøksheim gjekk ned frå 6 400 til 6 300 siste året. Tallet på barn 0-6 år som mottok barnehageplass frå barnevernet var ved utgangen av 1999 på i alt 3 300. Framleis er barnehage eit tiltak som ofte blir brukt innanfor barnevernet, og av barn under 3 år med tiltak, mottok 37 prosent barnehageplass. I aldersgruppa 3-6 år var det halvparten av barnevernsbarna (50 prosent) som fekk barnehageplass ved utgangen av 1999.

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 1999 var det 21 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok barnevernstiltak. Dette er like mange som året før. Flest barnevernsbarn i høve til folketal finn ein i Østfold og Telemark med 29 og 26 klienter per 1 000 barn. Finnmark og Nordland ligg òg høgt med 25 og 24 klienter per 1 000 barn. Lågast klientrate har Akershus med 16, Sogn og Fjordane med 17, og Troms med 18 barn med tiltak per 1 000 barn. Oslo med 23 ligg litt over gjennomsnittet.

Barn plasserte i fosterheim og barnevernsinstitusjonar på slutten
av året, etter type tiltak. 1993-19991
år Fosterheim
i alt
Fosterheim
(omsorg)
Fosterheim
(hjelpetiltak)
Barneverns-
institusjonar
i alt
Barneverns-
institusjonar
(omsorg)
Barneverns-
institusjonar
(hjelpetiltak)
1993          4 952 4 641 311 748 583 165
1994            4 843 4 267 576 782 515 267
1995            4 959 4 216 743 787 428 359
1996            4 902 3 981 921 824 408 416
1997            5 118 4 055 1 063 788 357 431
1998            5 456 4 198 1 258 933 424 509
1999            5 664 4 275 1 389 1 011 438 573
1  Rettet 16.08.2000 kl. 1115.

Tabeller: