13144_om_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/arkpi/kvartal
13144_om
statistikk
2009-02-13T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Virksomheter, foretak og regnskap
no
true

Arkitekttjenester, prisindeks4. kvartal 2008

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Arkitekttjenester, prisindeks
Emne: Priser og prisindekser

Ansvarlig seksjon

Seksjon for bygg- og tjenestestatistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Pris: gjennomsnittleg timepris, eksklusiv merverdiavgift.

Standard klassifikasjoner

Det rapporterast timeprisar for desse tre kategoriane medarbeidarar: oppdragsansvarleg/senior arkitekt, ansvarleg saksbehandlar/prosjektansvarleg, samt prosjektmedarbeidar.

Bedriftene vert stratifisert ut i fra kor mange sysselsatte dei har: 10-19 og 20 og fleire.

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå

Hyppighet og aktualitet

Hyppigheit: kvartalsvis

Aktualitet: statistikken vert publisert om lag 6 veker etter slutten av kvartalet

Internasjonal rapportering

Statistikken blir rapportert til Eurostat kvart kvartal.

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Mikrodata blir lagra som tekstfiler på Unix

Bakgrunn

Formål og historie

Formålet med prisindeksen er å måle prisutviklinga for arkitekttenester. Indeksen vert også nytta til deflatering i Nasjonalrekneskapen. Statistikken følgjer EU sin forordning om korttidsstatistikk.

Frå 1. kvartal 1998 har det utan opphald vore samla inn kvartalsoppgåver.

Brukere og bruksområder

Indeksen nyttast i analyse og overvaking av pris-/kostnadsutviklinga, samt i nasjonalrekneskapet. Den nyttast også av andre aktørar med interesse for arkitektnæringa, som for eksempel forskings- og utredingsinstitusjonar og media.

Sammenheng med annen statistikk

Indeksen vert nytta i nasjonalregnskapet.

Prisindeksen kan også vere interessant å samanlikne med annan statistikk som er retta mot byggjebransjen som t.d. byggjekostnadsindeksane og prisindeksane for nye einebustader.

Lovhjemmel

Statistikklova § 2-1, 2-2 og 2-3

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) av 6. juli 2005 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om korttidsstatistikk.

Produksjon

Omfang

Populasjonen er alle bedrifter i Noreg med næringen arkitektverksemd (SN2007:71.111, 71.112 og 71.113). Bedrift er den statistiske eininga.

Datakilder og utvalg

Frå Bedrifts- og føretaksregisteret får vi talet på sysselsette. Prisene vert henta inn frå bedriftene via ein egen skjemaundersøking.

Alle bedrifter med 10 sysselsette eller fleire er med i utvalet. Dette utgjer om lag 110 bedrifter.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til registerdata nyttar vi postale skjema for å hente inn data frå utvalet. Skjema vert sendt ut i etterkant av statistikkvartalet. Det er mogleg å svare på Internett. Oppgåvegjevar har svarfrist på to veker.

Skjema blir optisk leste, deretter manuelt og maskinelt kontrollert og revidert. Det kontrollerast blant anna at variasjonen i timeprisar ikkje er for stor frå kvartal til kvartal.

Prisindeksen baserer seg på gjennomsnittleg timepris. I og med at timeprisen varierar med type medarbeidar blir det først berekna ein gjennomsnittleg pris for tre stillingskategoriar (oppdragsansvarleg/senior arkitekt, ansvarleg saksbehandlar/prosjektansvarleg, og prosjektmedarbeidar).

Som vektgrunnlag nyttar vi den andelen dei ulike stillingskategoriane deltek i eit normalprosjekt, innberetta av kvar bedrift. Talet på sysselsette i dei ulike kategoriane vert så summert opp for heile utvalet, og det vert berekna vekter for dei ulike stillingskategoriane ut i frå dette. Til dømes: oppdragsansvarleg vekt 0,30, ansvarleg saksbehandlar vekt 0,36 og prosjektmedarbeidar vekt 0,34. Bedriftene vert óg stratifisert etter talet på sysselsette, strata A: 10-19 sysselsette og strata B: 20 sysselsette og fleire. Til dømes: oppdragsansvarleg, A vekt 0,13, oppdragsansvarleg, B vekt 0,08 osb.

Endringa i timepris blir berekna for bedrifter som vi har data for i begge kvartala. Gjennomsnittleg indeks blir berekna for kvart av dei 6 strata, og deretter vekta saman til ein totalindeks.

Konfidensialitet

Ikke relevant

Sammenlignbarhet over tid og sted

Indeksserien går tilbake til 1. kvartal 1998. Frå og med 2. kvartal 2008 blei utvalet minska slik at det berre inneheld bedriftar med 10 eller fleire sysselsette. Berekningar synar at denne endringa i liten grad påverkar indeksutviklinga. Samstundes vart vektinga endra, som forklart i punkt 3.6.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Oppgåvegjevar kan ha fylt ut skjema feil. Opplysningane kan også verte registrert feil når skjema vert optisk lest. Vi forsøker å rette opp slike feil gjennom et eiget kontrollsystem.

Det kan forekomme fråfall i undersøkinga, anten fordi oppgåvegjevar ikkje returnerer skjema eller fordi skjema ikkje er korrekt utfylt. Svarprosenten på undersøkinga er om lag 99 prosent.

Utvalet på om lag 110 bedrifter utgjer i underkant av 6 prosent av bedriftspopulasjonen. Utvalsskakke og utvalsvarians er ikkje berekna då dei kan reknas som uegna som usikkerheitsmål for estimeringa av prisstatistikken. Ein prisindeks må reknas som eit estimat på den generelle prisutviklinga, innanfor det området prisindeksen dekkjer. Dette gjeld også om ein hadde hatt med alle tenester og bedrifter som inngår i populasjonen. Sia prisindeksen er ein estimator får vi usikkerheit sjølv om vi har fullteljing.