10945_om_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avlhyd/aar
10945_om
statistikk
2001-08-08T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
true

Kommunalt avløp, hydraulisk kapasitet2000

Innhold

Om statistikken

Definisjoner

Navn og emne

Navn: Kommunalt avløp, hydraulisk kapasitet
Emne: Natur og miljø

Ansvarlig seksjon

Seksjon for miljøstatistikk

Definisjoner av viktige begrep og variabler

Avløpsrenseanlegg vert tradisjonelt delt inn i tre grupper etter reinseprinsipp: Mekanisk, kjemisk og biologisk. I tillegg kjem kombinasjonar av disse grunntypane.

Mekaniske avløpsrenseanlegg omfattar slamavskiljarar, rister, siler, sandfang og sedimenteringsanlegg. Desse anlegga fjernar berre dei største partiklane frå avløpsvatnet.

Høggradige avløpsrenseanlegg omfattar anlegg med biologiske og/eller kjemiske reinsetrin. Ved biologisk reinsing fjernar ein hovudsakleg lett nedbrytbart organisk stoff ved hjelp av mikroorganismar. Ved kjemisk reinsing tilfører ein kjemikaliar i reinseprosessen for å fjerne fosfor. Høggradige avløpsreinseanlegg reduserar mengda fosfor og andre forureinande stoff meir effektivt enn mekaniske.

Personekvivalentar (pe) er avløp frå industri, institusjonar o.l. omrekna til avløp frå eit tilsvarande tal personar.

Personeiningar (PE) er summen av talet på fastbuande personar og talet på personekvivalentar (pe) i eit område.

Hydraulisk kapasitet er den mengda avløpsvatn eit reinseanlegg er dimensjonert til å behandle.

Hydraulisk belastning er den mengda avløpsvatn eit reinseanlegg faktisk behandlar.

Et separat avløpsanlegg er eit anlegg berekna på å motta avløpsvatn som i mengde eller samansetning tilsvarar avløp frå inntil 7 bustad- eller hytte-einingar (som oftast private anlegg i spreidtbygde strøk).

Nordsjøavtalene

Nordsjøavtalene referar til dei felles deklarasjonane frå landa rundt Nordsjøen om å redusere forureininga av Nordsjøen. Eitt av måla var å halvere dei totale tilførslane av næringsstoffa nitrogen og fosfor i perioden 1985-1995. Sidan desse måla ikkje var nådd innan utgongen av 1995, blei tidshorisonten utvida til år 2005.

Standard klassifikasjoner

Ikke relevant

Administrative opplysninger

Regionalt nivå

Tal vert publisert hovudsakleg på nasjonalt og regionalt nivå, men det førekjem òg ein del tal på andre nivå, som til dømes resipientområde, avrenningsområde o.l.

Hyppighet og aktualitet

Årleg i form av rapport og Dagens Statistikk.

Internasjonal rapportering

Ikke relevant

Lagring og anvendelse av grunnlagsmaterialet

Ressursinnsats, avløp og rensing i den kommunale avløpsektoren, 1998

Ressursinnsats, avløp og rensing i den kommunale avløpsektoren, 1997

Bakgrunn

Formål og historie

Føremålet med statistikken er å gje ein oversikt over status og utvikling innan kommunalt avløp. Statistikken gjev informasjon om bl.a. talet på avløpsanlegg, reinsekapasitet, reinsemetode, tilknytningsgrad, slamdisponering, utslepp av fosfor og nitrogen m.m. Data frå kommunale avløpsanlegg vart samla inn sporadisk på 80-talet, men frå 1992 har det skjedd årleg gjennom SSB-avløp (t.o.m 1996) og SESAM (f.o.m 1997).

Brukere og bruksområder

Statistikken vert brukt av miljøforvaltninga på nasjonalt og regionalt nivå, dvs. Miljøvern-departementet, Statens forureiningstilsyn og Fylkesmannen si miljøvernavdeling. I tillegg vert statistikken i varierande grad brukt av media, næringsliv og ulike organisasjonar.

Sammenheng med annen statistikk

Ikke relevant

Lovhjemmel

Forureiningslova.

EØS-referanse

Ikke relevant

Produksjon

Omfang

Data vert samla inn for samtlege kommunar i landet (fullteljing). Rapportering skjer ein gong i året, og fristen er 15. mars.

Datakilder og utvalg

Statens forurensningstilsyn sin SESAM-database

435 kommunar. I overkant av 4000 avløpsanlegg.

Datainnsamling, editering og beregninger

Elektronisk datainnsamling (Excel) frå kommune til miljøvernavdeling, kor dataene deretter vert importert til SESAM.

Alle data vert sjekka automatisk i det dei vert importert til SESAM. I tillegg gjennomfører SSB kvalitetskontrollar og eventuelt purringar i dei tilfella der dataene ikkje held godkjent kvalitet.

Konfidensialitet

Ikke relevant

Sammenlignbarhet over tid og sted

Samanlignbarheita over tid er noko usikker som følgje av ei meirrapportering dei siste åra. Avløpsanlegg som har eksistert i mange år er først komne med dei siste åra. Dette fører til ein tilsynelatande auke i utsleppa, medan realiteten kanskje er den motsette.

Nøyaktighet og pålitelighet

Feilkilder og usikkerhet

Ikke relevant