9861
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9861
383 500 medlemmer i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2006-12-18T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

383 500 medlemmer i trus- og livssynssamfunn

Per 1. januar 2006 var 383 500 personar registrerte som medlemmer med rett til tilskot i trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja. Det er om lag same talet som året før. Om lag 8 prosent av befolkninga er medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, etter fylke. Per 1.1.2006

Over halvparten av personane i statistikken for trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som mottek statstilskott, høyrer til kristne samfunn. Til saman har desse 216 100 medlemmer. Medlemmer i livssynssamfunn - det største av dei er Human-Etisk Forbund - utgjer litt over 20 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja med 77 200 medlemmer. Islamske trussamfunn følgjer deretter med 72 000 medlemmer, nesten 19 prosent av alle registrerte. Buddhisme, hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis nærare 3 prosent, 1 prosent og 0,6 prosent av medlemmene. På grunn av nytt opplegg for innrapportering av medlemstal er desse tala ikkje direkte samanliknbare med tal frå tidlegare år.

Statistikken baserer seg på søknad til fylkesmennene frå trus- og livssynsamfunn som søkjer om statstilskot. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir leverte elektronisk og sende til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og vasking av dublettar. Statistikken frå 2005 og 2006 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, da datagrunnlaget er endra (sjå Om statistikken ).

Hovudstaden har den største delen innbyggjarar som er registrerte i eit slikt trus- eller livssynsamfunn. 16 prosent av befolkninga i Oslo, eller 166 per 1 000 innbyggjarar, var medlemmer per 1. januar 2006. Sogn og Fjordane er fylket der færrast er medlemmer, med berre 26 per 1 000 innbyggjar.

Dei kristne trussamfunna utgjer noko over 56 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunna og består av fleire trusretningar. Nokre av dei største kristne trussamfunna eller trusretningane er Den romersk-katolske kyrkja med 46 440 medlemmer og kyrkjelydar innanfor pinserørsla med i alt 39 492 medlemmer. Gruppa andre kristne trussamfunn representerer forskjellige kristne trusretningar.

Medlemmer i livssynssamfunn utgjer 20,1 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunna. Human-Etisk Forbund er det største livssynsamfunnet i Noreg med 76 470 medlemmer, eller 99 prosent, av alle medlemmene i livssynssamfunna.

Talet på medlemmer i trus- og livssynsamfunn utgjer om lag 8,3 prosent av befolkninga. I underkant av 85 prosent av befolkninga er medlemmer i Den norske kyrkja. Nærmare informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå Kyrkje - KOSTRA: http://www.ssb.no/emner/07/02/10/kirke_kostra/

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB