9863
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9863
Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2004-10-21T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn

Nærare 399 000 personar er medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som mottek statstilskott. Talet har auka med om lag 12 000 eller 3 prosent det siste året. Om lag 8,7 prosent av befolkninga er no medlemmer i slike samfunn. Nærare 86 prosent av befolkninga i Noreg er medlemmer i Den norske kyrkja.

Medlemstalet i dei registrerte trussamfunna utanfor Den norske kyrkja var per 1. januar 2004 om lag 301 000 medlemmer, ein auke på over 16 000 det siste året. Samstundes var det rundt 27 000 medlemmer i uregistrerte trussamfunn , ein nedgang på om lag 5 000 i same perioden. Noko av denne forskjellen kjem av at nokre samfunn gjekk frå å vere eit uregistrert til å bli eit registrert trussamfunn. Over 70 000 var medlemmer i livssynssamfunn .

Nærare 5,6 prosent av befolkninga er korkje medlemmer av Den norske kyrkja eller anna trussamfunn som mottek statstilskott.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. 1990,  2000 og 2004

Registrerte trussamfunn

Islamske trussamfunn er den største gruppa av dei registrerte trussamfunna i Noreg. 1. januar 2004 var det nesten 78 000 medlemmer i dei registrerte islamske trussamfunna fordelt på 82 menigheiter. Den romersk-katolske kyrkja med over 46 000 medlemmer er fordelt på 32 menigheiter, og pinsemenigheitene med litt under 46 000 medlemmer, er fordelt på 233 menigheiter. Den største auken i prosent siste året fant stad innanfor Andre registrerte trussamfunn, som auka med 49 prosent til rundt 24 000 medlemmer.

Uregistrerte trussamfunn

Utanlandske evangeliske samfunn var 1. januar 2004 den største gruppa uregistrerte trussamfunn med nær 16 000 medlemmer. Andre store uregistrerte trussamfunn var Dei frie forsamlingar med rundt 4 000 medlemmer fordelt på 30 menigheiter, og islamske trussamfunn med rundt 3 000 medlemmer fordelt på 10 menigheiter.

Medlemmer i Den norske kyrkja

Per 1. januar 2004 var det 3, 9 millionar medlemmer i Den norske kyrkja. Dette svarar til 85,7 prosent av befolkninga, om lag den same prosenten som i fjor. Auken er på 22 203 medlemmer, eller 0,6 prosent samanlikna med fjoråret.

Det siste året har 856 personar meldt seg inn i Den norske kyrkja. Samstundes har 3 603 personar meldt seg ut. Flest innmeldingar hadde Agder og Oslo, med ein auke på rundt 12 prosent. Men den kraftigaste auken hadde Stavanger med 29,2 prosent.

Dåp og konfirmasjon

Tal for Den norske kyrkja synte at i 2003 vart nær 44 000 døypte, ein liten nedgang frå året før. Dette utgjorde 77,7 prosent av dei fødde i dette året, mot 79,5 prosent i 2002. Størst nedgang i talet på døypte hadde bispedøma Sør- og Nord-Hologaland med respektive 2,9 og 4,0 prosent, medan Oslo og Tunsberg hadde den største auken med respektive 2,0 og 2,2 prosent. Det blei konfirmert 40 183 i 2003. Dette er 1 933, eller 5 prosent fleire enn i 2002.

Kyrkjelege vigslar

I 2003 blei det gjennomført 11 440 kyrkjelege vigslar. Dette var om lag 10 prosent lågare enn i 2002. Størst nedgang hadde Oslo bispedøme med 16,5 prosent og Tunsberg med 16,2 prosent. Minst nedgang hadde Agder med 0,2 prosent.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB