9745_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/arkiv
9745
Fag- og forskingsbibliotek meir enn bøker
statistikk
2003-05-26T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fag- og forskingsbibliotek meir enn bøker

Fag- og forskingsbibliotek er meir enn berre bøker. Ved utgangen av 2002 hadde biblioteka registrerte samlingar av fysiske einingar på noko over 44 millionar - og samlingane veks. Bøker og periodika utgjorde om lag 19 millionar av desse einingane.

Samlinga av bøker og periodika er registrert til nærare 19 millionar bind, om lag 43 prosent av dei fysiske einingane. Talet utgjer ein svak auke, noko over 1 prosent frå året før. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde framleis godt over halvparten av bokbestanden, medan høgskolebiblioteka hadde vel 15 prosent. Nasjonalbiblioteket hadde i 2002 om lag 12 prosent av den registrerte bestanden av bøker og periodika. Dei offentlege spesialbiblioteka hadde om lag 16 prosent, medan dei private spesialbiblioteka stod for nærare 4 prosent. Samlingane av dei fysiske einingane inneheld òg til dømes om lag 150 000 manuskript, om lag 1,5 millionar mikroformer, 320 000 musikalar og noko under 4 millionar einingar av grafisk og kartografisk materiale, samt noko over 18 millionar patenter.

Samling av bøker og tidsskrifter i fag- og forskingsbibliotek. 2002

I tillegg til dei fysiske einingane har òg fag- og forskingsbiblioteka omfattande samlingar av digitale dokument, databasar og løpande periodikatitlar. Dei digitale dokumenta utgjorde om lag 8,6 millionar dokument ved utgangen av 2002. Dei fleste av desse dokumenta, vel 7 millionar, er nyregistrerte ved Nasjonalbiblioteket. Ved utgangen av 2002 var det registrert om lag 5 000 databasar ved fag- og forskingsbiblioteka.

I 2002 har 339 bibliotekeiningar rapportert. Sjølv om dette er nokre færre bibliotek enn førre året, har storleiken på samlinga auka svakt frå i fjor. Men på grunn av endringar i rapporteringssystema kan ikkje statistikken samanliknast med statistikk frå tidlegare år.

Fleire besøker fag- og forskingsbiblioteka

Nærare 6 millionar besøk vart registrerte ved fag- og forskingsbiblioteka i 2002. Talet på besøk auka med vel 14 prosent samanlikna med året før.

Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane hadde nærare 54 prosent av besøka, medan høgskolebiblioteka hadde om lag 44 prosent. Dei private spesialbiblioteka hadde berre 0,2 prosent av besøka, medan dei offentlege spesialbiblioteka hadde litt under 2 prosent av besøka. Besøka ved dei statlege høgskolebiblioteka auka med om lag 19 prosent samanlikna med fjoråret.

Biblioteka hadde i gjennomsnitt ope 235 dagar i året, og opningstida per veke var gjennomsnittleg 44 timar. Nærare 78 prosent av denne tida var det bibliotekfagleg personale i rettleiingstenesta eller ved skranken. Biblioteka ved universitet og høgskole hadde bibliotekfagleg personale til stades i om lag 90 prosent av opningstida.

Stabile utlån

Utlåna held seg framleis stabile ved fag- og forskingsbiblioteka. Nærare 4 millionar utlån vart utførte i 2002. Av dette var 570 000 fjernlån, medan 3,4 millionar var lokale lån. Dei lokale utlåna auka med nærare 3 prosent, medan fjernlåna hadde ein nedgang på litt under 4 prosent. Fjernlån er lån mellom biblioteksystema under ulike administrative einingar.

Ein milliard kroner

Dei samla utgiftene for biblioteka var om lag 1 milliard kroner i 2002. Vel 26 prosent gjekk til innkjøp av materiale til samlingane. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane stod for nærare halvparten av beløpet brukt til innkjøp.

Ved utgangen av 2002 var 1 860 personar tilsette ved dei 339 bibliotekeiningane som statistikken omfattar. 56 prosent av dei tilsette arbeidde i bibliotekfaglege stillingar. I alt utførte dei tilsette i fag- og forskingsbiblioteka vel 1 570 årsverk, og dei bibliotekfaglege tilsette utførte 60 prosent av årsverka.

Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og vert samla inn i samarbeid med ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.

Tabeller: