Statistikk for museum og samlingar visar at talet på ved norske var meir enn halvert i 2020 samanlikna med året før. Denne nedgangen bør sjås i samanheng med korona-pandemien og at musea var stengde i store delar av 2020.

63 millionar gjenstandar og objekt

Dei norske musea forvaltar til saman nær 63 millionar gjenstandar og objekt. Den største delen av gjenstandar og objekt er fotografiar. Desse 39,1 millionar fotografia utgjorde 62 prosent av alle gjenstandar og objekt ved norske museum i 2020.

Kunsthistoriske og kulturhistoriske gjenstandar og objekt utgjer lågaste del av gjenstandar og objekt ved norske museum, med høvesvis 1 og 7 prosent.

Nokre museum har ansvaret for berre ein av desse kategoriane, men dei fleste musea forvaltar større og mindre samlingar av fleire kategoriar gjenstandar og objekt.

Fleire i faste stillingar

I 2020 blei det rapportert 4 174 lønte årsverk, derav 3 360 årsverk i faste stillingar. Desse tala viser at norske museum hadde i alt 39 færre lønte årsverk, men 52 fleire årsverk i faste stillingar i 2020 enn året før. Faste stillingar utgjorde 80 prosent av lønte årsverk i 2020.