Statistiske analyser 139

Kulturstatistikk 2012

Kor mykje offentlege midlar blir brukt til kultur? Kor mykje betyr kulturnæringane for sysselsetjinga i Noreg og kva veit vi om deltaking i kulturaktivitetar? Kulturstatistikk 2012 beskriv og gir ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

Kulturstatistikk 2012 gir i tekst, figurar og tabellar eit hovudbilete frå ulike kulturområde, tal for offentlege utgifter, informasjon om sysselsetjing og føretaksdemografi i kulturnæring, samt oversikt over deltaking i ulike kulturelle aktivitetar. Kulturstatistikk er ein årleg publikasjon som har vore publisert frå 1975.

I denne publikasjonen presenterer vi tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Hovudformålet med publikasjonen er å beskrive og gi ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

Nokre hovudresultat innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2012 var rett under 9 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,3 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 9,4 milliardar kroner.

Sysselsetjingsstatistikk og føretaksdemografi for kulturnæring

3 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturnæring i 2012, det utgjer nær 79 000 personar. 36 000 føretak i kulturnæring, unntatt offentlege selskap, var registert aktive per 1. januar 2012.

Kunstpolitiske tiltak

I 2012 blei det delt ut 540 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturformål. Beløpet auka med 28 millionar, eller over 5 prosent, frå året før. Musikk, litteratur og scenekunst er dei hovudområda som fekk mest, høvesvis 165, 137 og 106 millionar kronar kvar.

Scenekunst, musikk og festivalar

Til saman får NTO og det frie feltet om lag 2 millionar besøk i 2012 på opne framsyningar i Noreg. I tillegg har det vore stor scenekunstaktivitet i Den kulturelle skolesekken, både for NTO-medlemmer og i det frie scenekunstfeltet.

Til saman var om lag 476 000 til stades på konsertane til medlemmene i Norsk teater- og orkesterforening i 2012.

Nær 1,2 millionar besøkte ein festival i 2012 arrangert av medlemmer i Norske Festivaler. Festivaltilskotsordninga for musikkfestivalar var på til saman 43,5 millionar kroner i 2012.

Museum

I 2012 var det 10,7 millionar besøk i musea i Noreg. Det er ein auke på 92 000 besøk siste året. Frå 2002 har talet på museumsbesøk auka med 2,3 millionar eller 28 prosent. Samlingane i dei norske musea utgjorde om lag 51 millionar gjenstandar eller objekt i 2012.

Bibliotek

For folkebiblioteka gjekk talet på førstegongslån av bøker ned med 3 prosent i 2012 mot året før. Talet på fornyingar av bøker auka med 5 prosent i same periode. Talet på besøk i folkebiblioteka viser også nedgang frå 2011 til 2012. Nedgangen i besøk er på 3,6 prosent i 2012 mot året før.

Bøker

I 2012 blei det totalt gitt ut om lag 11 300 titlar. Tal frå Norsk mediebarometer 2012 viser at kvar nordmann i gjennomsnitt brukte 12 minuttar på boklesing på fritida ein gjennomsnittsdag.

Aviser

Trenden med nedgang i opplagstala for papiravisene held fram. Samla avisopplag i 2012 var på 2,4 millionar, ein nedgang på 79 000, eller 3 prosent frå året før. Frå 2010 til 2011 var fallet noko mindre, 2,8 prosent. Denne trenden med fallande opplagstal for papiravisene har vore langvarig.

Film og kino

Fleire kinobesøk er registrert i 2012 enn året før, samtidig var færre av besøka på norsk film. 12,1 millionar kinobesøk er registrert i 2012, og 2,2 millionar av dei er på norsk film. Dette viser tal frå billettsalet til kinoane rapportert til Film og Kino.

Radio og TV

Delen radiolyttarar i befolkninga ligg på 60 prosent i 2012, medan delen TV-sjåarar ligg på 77 prosent. For radio er det ein auke på 5 prosent frå førre året, medan det for TV er ein nedgang på 4 prosent.

Kulturminne

Per 31. desember 2012 var det registrert i alt nær 217 000 freda kulturminne i databasen til Riksantikvaren. Sidan 2008 har det vore ein auke på drygt 35 000 minne.

Idrett

Ved utgangen av 2012 var det nær 1,9 millionar ordinære medlemskapar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Talet på ordinære idrettslag har auka litt og er nå på 7 900 lag.

Om publikasjonen

Tittel

Kulturstatistikk 2012

Ansvarlige

Cato Hernes Jensen, Liv Taule

Serie og -nummer

Statistiske analyser 139

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emne

Kultur

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8840-1

ISBN (trykt)

978-82-537-8839-5

ISSN

1892-7521

Antall sider

206

Målform

Nynorsk

Om Statistiske analyser

Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.

Kontakt