Statistiske analyser 127

Kulturstatistikk 2010

Publikasjonen Kulturstatistikk 2010 gir tal og opplysningar frå 17 ulike område knytte til kultur. Denne årlege publikasjonen presenterer ei oversikt over hovudtrekk for kulturen, ikkje i tonar og bilete, men i tal, figurar og tabellar.

 

I denne publikasjonen presenterer vi oppdaterte tal og statistikk for ulike område relaterte til kultur. Hovudformålet med publikasjonen er å beskrive og gi ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike område innanfor norsk kultur.

Nokre hovudresultat innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2010 var 7,9 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,1 milliard kroner, og dei kommunale utgiftene var på 8,5 milliardar kroner.

Nærings- og sysselsetjingsstatistikk

I 2010 var det 35 000 små og store føretak med 112 000 sysselsette blant kulturnæringane.

Kunstpolitiske tiltak

I 2010 vart det delt ut 431 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturformål, ein auke på 11 prosent frå året før. Litteratur og musikk er dei hovudområda som fekk mest, 126 millionar kvar.

Teater, opera, musikk og festivalar

Det var 2,7 millionar besøk i institusjonsteatra og frie grupper innanfor dans og teater i 2010, ein auke på 15 prosent frå 2009. Til saman var 415 000 publikum på konsertane til medlemmene i Norsk teater- og orkesterforening i 2010, ein nedgang på 4 prosent frå året før. Dei statlege utgiftene til musikk utgjorde 904 millionar kroner i 2010. Det var 1,9 millionar deltakarar på dei ulike arrangementa i regi av Den kulturelle skolesekken. Festivalar er framleis populære, om lag 1,4 millionar besøkte ein festival i 2010. Tilskota til musikkfestivalar var på over 30 millionar i 2010.

Museum

Dei norske musea hadde 10,5 millionar besøk i 2010, ein auke på 16 prosent frå 2009. Besøkstalet utgjer nesten 2,2 museumsbesøk per innbyggjar. Delen betalande besøkjande var på 49 prosent i 2010 og er om lag det same som han har vore på sidan 2005.

Bibliotek

Utlån av bøker og andre medium frå folkebiblioteka i 2010 utgjorde 24,9 millionar utlån, ein nedgang på litt over 1 prosent frå året før. Det var i gjennomsnitt 4,4 besøk per innbyggjar i 2010. Dette er ein nedgang frå 2009 då snittet var på 4,7 besøk per innbyggjar.

Bøker

Det vart totalt utgitt 8 400 bøker i 2010, ein auke på 6 prosent frå 2009. 24 prosent av befolkninga i alderen 9-79 år las ei bok på fritida ein gjennomsnittsdag i 2010.

Aviser

Det samla avisopplaget var på 2,57 millionar i 2010, ein nedgang på 3 prosent frå 2009. På den andre sida er det stadig fleire som les avis på Internett, i 2010 var det 43 prosent som las nettavis ein gjennomsnittsdag.

Film og kino

38 prosent av kinosalane var digitaliserte ved utgangen av 2010. Det var totalt litt over 11 millionar kinobesøk, ein nedgang på 13 prosent frå 2009. Besøket på norske filmar utgjorde 23 prosent av samla kinobesøk.

Radio og TV

I 2010 såg 82 prosent av befolkninga på fjernsyn, mens 56 prosent lytta til radio ein gjennomsnittsdag. I 2009 var tala på høvesvis 80 og 53 prosent.

Kulturminne

Per 31. desember 2010 var det registrert totalt 203 000 freda kulturminne i databasen til Riksantikvaren, ein tilvekst på 8 000 i løpet av det siste året.

Idrett

Det er aukande interesse for å delta i idrettslivet. Ved utgangen av 2010 var det 1 772 000 ordinære medlemskapar i NIF, ein auke på 24 prosent dei ti siste åra.

Om publikasjonen

Tittel

Kulturstatistikk 2010

Ansvarlege

Øyvind H. Henriksen, Liv Taule

Serie og -nummer

Statistiske analyser 127

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

I samarbeid med

Kulturdepartementet

Omslagsdesign

Siri Boquist

Emne

Kultur

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8298-0

ISBN (trykt)

978-82-537-8297-3

ISSN

1892-7521

Tal sider

199

Målform

Nynorsk

Om Statistiske analyser

Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.

Kontakt