9487_om_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar
9487_om
statistikk
2016-01-07T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
false
Antall jordbruksbedrifter, størrelse på bedriftene og produksjonsgrunnlag i form av jordbruksareal og husdyr.

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2015, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift

Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha driftssenter på ein landbrukseigedom.

Brukar

Den som er ansvarleg for drifta av ei jordbruksbedrift. I Verksemd- og føretaksregisteret er personlege brukarar registrerte som innehavarar av einskildpersonføretak. Andre brukarar av jordbruksbedrifter er til dømes ansvarleg selskap, aksjeselskap, stiftelse, stat, kommune osv.

Brukar blir ofte inndelt i personleg brukar og upersonleg brukar. Personleg brukar omfattar innehavarar av einskildpersonføretak, og desse blir òg fordelte etter kjønn. Om lag 95 prosent av jordbruksbedriftene har personleg brukar. Upersonleg brukar omfattar alle andre organisasjonsformer. 

Jordbruksareal

Jordbruksareal er summen av fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Fulldyrka jord

Jordbruksareal som er rydda til vanleg pløyedjupn og som kan nyttast til åkervekstar eller til eng som kan fornyast ved pløying.

Overflatedyrka jord

Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg.

Innmarksbeite

Jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 prosent av arealet skal vere dekt av grasartar eller urter som toler beiting.

Jordbruksareal i drift

Jordbruksareal som blir hausta minst ein gong i løpet av eit år, medrekna tilsådd eller planta areal av fleirårige vekstar som enno ikkje gir avling. Areal av open åker der det ikkje blir tatt avling i løpet av året, men som er tenkt hausta neste år (eittårig brakk) reknast òg med.

 Driftsform og standard omsetning

Klassifisering av jordbruksbedriftene etter driftsform er ei inndeling som er felles for alle EU- og EØS-landa. Driftsforma til ei jordbruksbedrift blir fastsett ut frå delen som dei ulike plante- og husdyrproduksjonane utgjer av den totale produksjonen til bedrifta. Driftsforminndelinga til og med 2009 brukte standard dekningsbidrag (SDB) som felles mål for storleiken til dei ulike plante- og husdyr­produksjonane. Frå og med 2010 er SDB erstatta med standard omsetning (SO) som felles måleeining. Samstundes blei det gjort nokre mindre metodeendringar. Driftsforminndelinga frå og med 2010 er difor ikkje fullt ut samanliknbar med tidlegare inndelingar.

Standard omsetning (SO) for ein plante- eller husdyrproduksjon er verdien av produksjonen basert på produsentpris. SO er eksklusive direkte tilskott, meirverdiavgift og skattar/avgifter. SO-faktorane blir berekna på regionalt nivå per dekar og per dyr for aktuelle plante- og husdyrproduksjonar. Vidare blir SO-faktorane berekna som ein gjennomsnittleg verdi per år for ein referanseperiode på 5 år.

Total standard omsetning for ei jordbruksbedrift er summen av SO-faktorane per dekar/husdyr multiplisert med talet på dekar/hus­dyr for alle plante- og husdyrproduksjonar på bedrifta. 

Standard klassifikasjonar

I tabellane blir følgjande inndelingar nytta: Fylke og kommune der jordbruksbedrifta har driftssenteret, jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta, brukartype og driftsform

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Fylke, kommune

Kor ofte og aktualitet

Årlege førebelse og endelege tal.

Internasjonal rapportering

Mellom anna areal- og husdyrdata blir rapporterte til både Eurostat og FAO.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Fil med avidentifiserte individdata blir lagra i SSB.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å skaffe fram opplysningar om talet på jordbruksbedrifter, storleiken på bedriftene og driftsform samt produksjonsgrunnlaget i form av jordbruksareal og husdyr som bedriftene disponerer.

Frå 1907 er det halde fullstendige jordbruks- eller landbruksteljingar om lag kvart tiande år, med teljinga i 2010 som den siste. Etter 1999 har Statistisk sentralbyrå etablert ein årleg totalpopulasjon av jordbruksbedrifter. Grunnlaget for populasjonen er aktive jordbruksbedrifter i Landbruksregisteret, og gjennom koplingar mot andre administrative register (søknadar om produksjonstilskott i jordbruket, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar, Leveranseregisteret for slakt o.a.) blir det henta inn opplysningar om bruken av jordbruksarealet, husdyrhaldet og produksjonen i jordbruksbedriftene. Til saman dannar desse opplysningane grunnlag for utarbeiding av den årlege statistikken om strukturen i jordbruket.

Brukarar og bruksområde

Statistikken blir særleg nytta av landbruksforvaltninga og næringsorganisasjonane i jordbruket, mellom anna i regi av Budsjettnemnda for jordbruket.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert til same tid for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen Les meir om prinsippa for lik behandling av brukarane

 

Samanheng med annan statistikk

Landbruksdirektoratet publiserer statistikk basert berre på søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Statistisk sentralbyrå sin statistikk inneheld i tillegg eit mindre tal jordbruksbedrifter som ikkje søker tilskott. Dei seinare åra har dette tillegget utgjort 1 - 2 prosent av totalt tal jordbruksbedrifter, medan det tilhøyrande jordbruksarealet har utgjort i underkant av éin prosent.

Lovheimel

Statistikkloven §§ 2-1, 3-2.

EØS-referanse

Parlaments- og rådsforordning (EF) 1166/2008

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar alle aktive jordbruksbedrifter. Som aktive jordbruksbedrifter inngår alle søkarar av produksjonstilskott samt eit mindre tal bedrifter som ikkje søker tilskott, men som fyller visse vilkår med omsyn til plante- og/eller husdyrproduksjon.

Datakjelder og utval

Søkarar av produksjonstilskott utgjer mesteparten av einingane som høyrer med i den årlege totalpopulasjonen av jordbruksbedrifter.  Bedrifter som ikkje søker produksjonstilskott blir identifisert ved å kombinere ei rekkje andre datakjelder, både kjelder internt i Statistisk sentralbyrå og register som Byrået mottar frå andre:

  • Verksemd- og føretaksregisteret (Statistisk sentralbyrå)
  • Landbruksteljing 2010 (Statistisk sentralbyrå)
  • Årlege landbruksundersøkingar (Statistisk sentralbyrå)
  • Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar (Landbruksdirektoratet)
  • Leveranseregisteret for slakt (Landbruksdirektoratet)
  • Husdyrregisteret - storfe (Mattilsynet)
  • Tilleggsskjema til næringsoppgåve (Skatteetaten)

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken byggjer på koplingar av datafiler som kvar for seg har blitt kontrollert ved etablering.

1 - 2 prosent av jordbruksbedriftene søker ikkje om produksjonstilskott. For ein del av desse einingane er jordbruksareal og tal husdyr berekna utifrå tilgjengelege opplysningar om mellom anna leveransar av korn og slakt.

Sesongjustering

Ikke relevant

Konfidensialitet

Tal blir ikkje offentleggjort dersom det kan føre til at den einskilde jordbruksbedrift blir identifisert.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken kan stort sett samanliknast med tal frå dei tidlegare fullstendige teljingane. I teljingane før 1999 var teljedatoen for det meste 20. juni. For åra 1999 - 2016 var teljedatoen 31. juli med unntak for sau. Frå 2017 er teljedatoen 1. oktober.

Teljingane til og med 1979 omfatta all dyrking av nyttevekstar og alt husdyrhald utan omsyn til omfanget. I publikasjonane frå dei tidlegare teljingane er likevel mange av tabellane avgrensa til å gjelde einingar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Nesten all jordbruksdrift drive som næring fann stad på desse einingane, medan einingar under 5 dekar i det alt vesentlege representerte hobbyprega produksjon for eige hushald.

Frå 1989 til 1999 auka talet på samdrifter med mjølkeproduksjon på ku eller geit mykje. Ved søknad om produksjonstilskott blei desse einingane registrerte utan jordbruksareal i drift. Areal nytta til fôrproduksjon for samdriftene blei i staden registrert på jordbruksbedriftene til dei som var med i samdrifta. Dersom tala frå og med 1999 berre skulle omfatte einingar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift, ville ein monaleg produksjon i mjølkesamdrifter og veksthusgartneri blitt utelate. Tabellane frå og med 1999 omfattar difor einingar med mindre enn 5 dekar jordbruksareal i drift så sant produksjonen har eit visst omfang.

I teljingar før 1999 har jordbruksbedrifta vore avgrensa til det som blei drive som ei eining innanfor same kommune. Frå og med 1999 er jordbruksbedrifta uavhengig av kommunegrenser. I statistikken blir da alt eigd eller leigd jordbruksareal bedrifta disponerer rekna med i den kommunen der driftssenteret ligg. Aukande jordleige gjer at dette kan gi monaleg utslag i jordbruksarealet for nokre kommunar.

I 2009 blei det innført produksjonstilskott for jordbruksbedrifter med minst 25 bikubar i produksjon. Dette førte til ein tilgang på om lag 300 bedrifter med berre slik produksjon.

Jordbruksareal og vekstar
I tidlegare teljingar til og med 1989 blei plen og prydhage på jordbruksbedriftene rekna med i jordbruksarealet. Til dømes utgjorde plen og prydhage om lag 46 000 dekar i Landbruksteljing 1989. I Jordbruksteljing 1999 og seinare er jordbruksarealet eksklusive plen og prydhage.

På 1990-talet blei det mogeleg å få tilskott for ugjødsla, inngjerda beiteareal, såkalla innmarksbeite. Tidlegare var det krav om gjødsling, og arealet blei då kalla gjødsla beite. I tidlegare teljingar har gjødsla beite vore ein del av natureng og overflatedyrka eng. Innføring av innmarksbeite har ført til at noko nytt areal har blitt definert som jordbruksareal. Endringa har òg ført til at mykje av arealet som tidlegare blei registrert som natureng og overflatedyrka eng no blir rekna som innmarksbeite. Frå 1989 til 1999 auka det registrerte arealet med overflatedyrka eng og innmarksbeite med til saman 418 000 dekar. Ei vesentleg årsak til den etter måten store auken er blant anna auka arealtilskott og krav om spreieareal for husdyrgjødsel. Det har gjort det lønsamt for brukarane å nytte mykje areal og å ta med alt areal i tilskottssøknaden.

Vidare skal ein merke seg at areala frå og med 1999 i hovudsak er gitt i dekar utan desimal. I tidlegare teljingar blei areala gitt i dekar med éin desimal. Vekstar med areal under eitt dekar er derfor i liten grad talt i 1999 og seinare. Størst utslag gir dette for potet, grønsaker på friland, frukt og bær, og særleg for tal jordbruksbedrifter med vedkomande vekst. Areal i veksthus er til og med 2016 gitt i m2. Frå 2017 blir veksthusarealet gitt i dekar utan desimal.

Jordbruksarealet i drift nådde ein topp i 2001, med 10,47 millionar dekar. Frå 2005 til 2013 blei det registrerte jordbruksarealet (inkl. areal ute av drift) redusert med 4,7 prosent. Tal frå Landbruksdirektoratet syner at innføring av nytt digitalt kartverk i same perioden ga ein reduksjon på om lag 3,3 prosent i jordbruksarealet. Reduksjonen kan skuldast meir nøyaktige målingar eller at tidlegare nedgang ikkje har blitt fanga opp før det nye kartgrunnlaget blei tatt i bruk. Arealnedgangen utanom nytt kartverk har vore om lag 1,4 prosent i same perioden.   

Husdyr
For åra 1999 - 2016 gjeld husdyrtala per 31. juli, unntatt for sau der teljedatoen var 1. juni eller ved beiteslepp. Teljedatoen i dei tidlegare teljingane har for det meste vore 20. juni. Ei forskyving av teljedatoen med 1 - 2 månader har neppe stor innverknad på dyretalet. Truleg har tilpassing av dyretalet til teljedatoen for produksjonstilskott meir å seie. Frå og med 2017 er teljedatoen 1. oktober for dei fleste dyreslaga.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Viktigaste feilkjelda er knytt til utfyllinga av søknadar om produksjonstilskott i jordbruket. Mange av feila blir oppdaga og retta opp av den lokale landbruksforvaltninga, men feil som ikkje påverkar utbetalinga av tilskott kan bli ignorert. Tidlegare kunne det òg oppstå feil da tilskottssøknadane blei registrerte elektronisk, sjølv om det blei gjennomført kontrollar i samband med registreringa.

For jordbruksbedrifter som ikkje søker produksjonstilskott, byggjer statistikken på mange ulike register og datakjelder og desse har ulike tidspunkt for oppdatering. Registera kan òg innehalde feil og manglar. Det kan påverke berekningane av til dømes kornareal og talet på dyr utifrå leveransar av korn og slakt.

Det kan vere vanskeleg å avgjere om jordbruksbedrifter som ikkje søker produksjonstilskott er i drift på teljedatoen (31. juli t.o.m. 2016, 1. oktober f.o.m. 2017), eller om drifta er avvikla. Ein kan heller ikkje sjå bort ifrå at nokre få jordbruksbedrifter ikkje blir fanga opp. 

Revisjon

Ikke relevant

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB