236226
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar
236226
Færre mjølkeprodusentar
statistikk
2016-01-07T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Antall jordbruksbedrifter, størrelse på bedriftene og produksjonsgrunnlag i form av jordbruksareal og husdyr.

Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre mjølkeprodusentar

Førebelse tal for 2015 viser at det av i alt 41 800 aktive jordbruksbedrifter var 8 800 bedrifter med mjølkeproduksjon. Dette er 2,7 prosent færre mjølkeprodusentar enn året før og 21 prosent færre enn i 2010.

Strukturen i jordbruket
2015Prosent endring fra
2014 - 20152005 - 2015
Jordbruksbedrifter i alt41 846-2,7-21,0
Enkeltpersonføretak39 629-2,7-21,5
Andre selskapsformer2 217-3,3-12,3
Jordbruksareal i drift, dekar9 837 005-0,3-5,0
Fulldyrka jord, dekar8 084 498-0,3-6,7
Jordbruksareal per jordbruksbedrift, dekar235,12,520,3
Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag
Ku12 946-2,7-35,1
Sau over 1 år14 3910,2-17,3
Svin i alt2 203-5,9-36,6
Høner2 0612,0-18,5
Jordbruksbedrifter som dyrkar ymse vekstar
Korn og oljevekstar til mogning11 246-2,3-32,9
Potet1 947-5,8-60,5
Eng til slått og beite32 938-1,2-19,1

Talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med knapt 3 prosent frå 2014 til 2015, til 41 800. Av fylka hadde Nordland og Troms størst prosentvis nedgang med respektive 5 og 4,4 prosent. Fleire fylke hadde ein nedgang i talet på jordbruksbedrifter på mellom 3 og 4 prosent. Dette gjaldt Møre og Romsdal, Rogaland, Finnmark, Hedmark, Nord-Trøndelag og Oppland.

Talet på jordbruksbedrifter med storfe gjekk ned frå 2014 til 2015, det same gjorde talet på bedrifter med alssvin og slaktesvin. I den same perioden heldt talet på bedrifter med sau seg stabilt, medan det var ein svak auke for bedrifter med mjølkegeit og verpehøner.

I 2015 blei 39 600 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 15,3 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukarar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 2 200 bedrifter eller 5,3 prosent av totalen. I 1999 utgjorde upersonlege brukarar berre 1,1 prosent av totalen.

Samla jordbruksareal i drift på dei knapt 42 000 aktive jordbruksbedriftene var 9,84 millionar dekar i 2015, og det er 31 000 dekar mindre enn året før. I 2015 fordelte jordbruksareal i drift seg på 8,1 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,56 millionar dekar innmarksbeite. Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 235 dekar i 2015. Det er 5 dekar meir enn året før og 19 dekar meir enn i 2010.

Meir kveite og rug – mindre bygg og havre

Frå 2014 til 2015 minka arealet av korn og oljevekstar med 21 500 dekar til 2,86 millionar dekar. Byggarealet utgjorde 43 prosent av det totale arealet av korn og oljevekstar i 2015, medan kveite og havre utgjorde respektive 30 og 22 prosent. Det var auke i arealet av kveite, rug og rugkveite frå 2014 til 2015, medan arealet av bygg og havre minka. Arealet av havre gjekk ned med 87 000 dekar, medan byggarealet blei redusert med 35 600 dekar. Kveitearealet auka med 94 200 dekar og arealet av rug og rugkveite med 43 300 dekar.

Fleire storfe og sau – færre svin og slaktekyllingar

Talet på storfe i alt auka med 12 400 frå 2014 til 2015. Talet på ammekyr auka med 3,5 prosent til 78 600 i 2015, medan talet på mjølkekyr heldt seg stabilt og var 224 100 i 2015. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2015 var 26 for mjølkekyr og 16 for ammekyr, mot 21 og 13 i 2010.

Frå 2014 til 2015 auka talet på sau over eitt år med 26 700 til 914 800.

Talet på alssvin var 93 800 i 2015, og det er 800 færre enn året før. I 2015 var gjennomsnittleg buskapsstorleik for avlssvin 83, mot 67 i 2010.

Det blei registrert 14,4 millionar slaktekyllingar 31. juli 2015, ein nedgang på 13 prosent frå året før. Talet på verpehøner auka med 2 prosent frå 2014 til 4,33 millionar i 2015.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB