Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

6,8 %

auke i kilo avliva fisk frå 2016 til 2017

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Førebelse tal
20172016 - 20172014 - 20172017
KgEndring, prosentEndring, prosentStk
Avliva fisk
I alt420 2586,830,8143 587
Laks i alt374 5419,135,398 421
Laks under 3 kg89 47512,4-8,949 726
Laks mellom 3 og 7 kg162 176-0,446,735 744
Laks over 7 kg122 89021,780,612 951
Sjøaure og sjørøye45 717-8,52,645 166
 
Fisk sleppt ut att
I alt126 398-1,539,236 959
Laks i alt115 255-1,645,925 876
Laks under 3 kg20 36739,015,811 256
Laks mellom 3 og 7 kg40 774-19,528,48 930
Laks over 7 kg54 1144,382,75 690
Sjøaure og sjørøye11 143-0,6-5,711 083

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Avliva fisk

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Avliva fisk1
Tonn1 000 stk
201520162017201520162017
1Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut att. Siste årgang viser førebelse tal.
I alt408393420163143144
 
Laks i alt3523433751089598
Under 3 kg1088089644950
Mellom 3 og 7 kg158163162343536
Over 7 kg86101123101113
Sjøaure og sjørøye565046554845

Tabell 2 
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Avliva fisk. Førebelse tal. Kg

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Avliva fisk. Førebelse tal. Kg1
Fangst i altLaks, vektklasserSjøaure og sjørøye
I altUnder 3 kg3 - 7 kgOver 7 kg
1Omfattar ikkje fisk som er sleppt ut att.
2017
Heile landet420 258374 54189 475162 176122 89045 717
Østfold912906912945216
Akershus og Oslo1 10387554329438228
Buskerud11 74210 4101 3933 9985 0191 332
Vestfold25 77525 5183 29714 4747 747257
Telemark1 5371 51451378521623
Aust-Agder5064782921612528
Vest-Agder21 17020 2585 09112 6472 520912
Rogaland52 51552 14711 78729 41210 948368
Hordaland7 4875 9368843 3211 7311 551
Sogn og Fjordane18 35416 8032 0128 4566 3351 551
Møre og Romsdal34 20631 7318 96415 2207 5472 475
Sør-Trøndelag29 75528 9145 92710 01912 968841
Nord-Trøndelag51 45048 70011 38619 89417 4202 750
Nordland21 98612 5285 3745 4471 7079 458
Troms Romsa36 60921 7685 4888 5327 74814 841
Finnmark Finnmárku105 15196 05526 43329 22240 4009 096

Tabell 3 
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst i utvalde elvar/vassdrag. Førebelse tal

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Fangst i utvalde elvar/vassdrag. Førebelse tal
KgStk
I altAvliva fiskFisk sleppt ut attI altAvliva fiskFisk sleppt ut att
2017
Drammenselva9 8389 3734651 7921 70785
Numedalslågen26 85325 7751 0785 9495 682267
Otra4 0443 7962481 2681 151117
Mandalselva10 8149 2291 5853 4162 905511
Bjerkreimselva12 03811 0191 0194 4173 954463
Ogna4 0563 8951611 4651 41451
Håelva4 0693 984851 5921 55933
Figgjo3 6343 4002341 3201 23090
Etneelva3 2292 629600747556191
Lærdalselva5 6511 5314 120938227711
Bondalselva2 3732 37306156150
Drivavassdraget5 0094 4935161 179910269
Surna m/Rinna6 4174 8771 5401 273965308
Stordalselva i Åfjord1 5561 529271 0611 02635
Orkla26 6008 86017 7405 6261 6973 929
Gaulavassdraget24 74411 33213 4125 0951 9613 134
Namsenvassdraget35 10233 7931 3099 9359 379556
Stjørdalsvassdraget11 7847 0424 7422 9461 5701 376
Årgårdsvassdraget4 4564 1453112 5602 341219
Vefsnavassdraget000000
Beiarvassdraget9 2922 5006 7922 4611 1261 335
Målselvvassdraget17 73116 3741 3576 0445 606438
Reisavassdraget (Nordreiselva)7 4362 7724 6641 7731 095678
Vestre Jakobselv15 0749 1775 8974 8923 0521 840
Altavassdraget23 85616 9206 9369 1147 9161 198
Repparfjordelva m/Skaidijohka8 4257 5268992 9942 715279
Stabburselva Vesterbotn3 1362 380756755596159
Lakselva i Porsanger9 2145 6253 5891 492945547
Tana m/bielver (norsk del)32 71132 2964157 5207 341179
Neidenelva (norske del)3 4262 7916351 150990160

Tabell 4 
Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Talet på fisk som blei sleppt ut att. Førebelse tal

Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye. Talet på fisk som blei sleppt ut att. Førebelse tal
Fangst i altLaks, vektklasserSjøaure og sjørøye
I altUnder 3 kg3 - 7 kgOver 7 kg
2017
Heile landet36 95925 87611 2568 9305 69011 083
Østfold1931875675566
Akershus og Oslo468176114575292
Buskerud85821146253
Vestfold267224591164943
Telemark000000
Aust-Agder12592847133
Vest-Agder1 52898959734151539
Rogaland2 0531 383622577184670
Hordaland1 03343515919185598
Sogn og Fjordane2 9892 240281961998749
Møre og Romsdal1 746816408288120930
Sør-Trøndelag8 0086 9493 0012 3201 6281 059
Nord-Trøndelag2 7531 8731 155509209880
Nordland5 2613 1871 3511 2176192 074
Troms Romsa3 3151 4364914045411 879
Finnmark Finnmárku7 1355 8072 8671 8211 1191 328

Om statistikken

Statistikken gjev ei oversikt over fangst av laks, sjøaure og sjørøye i norske elvar og vassdrag, fordelt på avliva fisk og fisk som er sett levande ut i elva att.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Anadrome laksefisk : Laksefisk som vandrar mellom sjø og ferskvatn og som er avhengig av ferskvatn for å reprodusere seg, samt rogn og ungar av slik fisk. Rømt eller utsett oppdretta laksefisk som kan vandre frå sjø til ferskvatn reknast som anadrom laksefisk når dei lever fritt i sjø eller vassdrag.

Vekt : Vekta av fisken gjeld kilo rund fisk.

Fang og slepp : Fisk som blir fanga og sett levande ut i elva igjen.

 

Standard klassifikasjonar

Før 1993 er talet på laks og vekta av laksen spesifisert på gruppene laks under 3 kg og laks 3 kg og over. Frå og med 1993 er laksen fordelt etter desse gruppene: Laks under 3 kg, laks mellom 3 og 6,9 kg og laks 7 kg og over.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Tal for kvar enkelt elv og fylkestal.

Kor ofte og aktualitet

Årleg. Statistikken blir publisert i januar året etter fisket har gått føre seg.

Internasjonal rapportering

Miljødirektoratet rapporterer til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnmaterialet blir langtidslagra i Statistisk sentralbyrå. Registerdata og fangstdata ligg i Oracle-tabellar. Endeleg datafil lagrast på Linux.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken representerer ein tidsserie frå 1876 og er eit sentralt element i det nasjonale og internasjonale overvakings- og forvaltningsarbeidet med anadrome laksefisk.

 

Brukarar og bruksområde

Fangststatistikken er ei viktig informasjonskjelde for naturforvaltning, presse, interesseorganisasjonar og andre aktørar. Forskingsmiljø nyttar statistikken til mellom anna å vurdere bestandsutvikling og til å gjere utrekningar av den samfunnsøkonomiske verdien av laksefiske.

Noreg har også forplikta seg til årleg å rapportere fangststatistikk til NASCO (North Atlantic Salmon Conservation Organization).

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før han er publisert til same tid for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førhandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Les meir om prinsippet for lik handsaming av statistikkbrukarar på ssb.no. 

Samanheng med annan statistikk

Talet på registrerte fiskarar i vassdraga henta frå DN si oversikt over betalt fiskaravgift.

2008: 7 5 000

2009: 75 300

2010: 6 8 000

2011: 69 900

Tal for sjøfiske etter laks og sjøaure blir presenterte i eigne artiklar frå SSB.

Lovheimel

Offentleg register, Statistikkloven §§ 2-2, 3-2

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar fangst av laks, sjøaure og sjørøye teke med stong i elvane. Rømt oppdrettsfisk skal reknast med i statistikken. Frå og med 2009 er det rapportert tal for gjenutsett fisk (fang og slepp).

Datakjelder og utval

Fiskerettshavarane samlar inn fangstmelding frå den enkelte fiskar.

Totaltelling. Alle som fiskar etter laksefisk i elvane skal rapportere.

Datainnsamling, editering og beregninger

Fangstmelding frå den enkelte fiskar samlast inn av fiskerettshavar. Fiskerettshavar sender samla fangstmelding til fylkesmannen eller legg tala inn i rapporteringsløysinga for elvefangst i Lakseregisteret. Fylkesmannen er ansvarleg for at det blir registrert rapportar for kvar elv i Lakseregisteret (tidligare Elvefangstregisteret). Frå og med 2004 kan fiskerettshavar eller fiskeforvaltar nytte elektronisk rapportering via Internettadressa http://www.fangstrapp.no.

 

Data frå Lakseregisteret blir lasta ned og overført til eit kontroll og rettesystem. For å identifisere feilføring og feiltasting er det lagt inn maskinelle kontrollar. På dette grunnlaget blir det gjort opprettingar for logiske feil og uriktige oppgåver. Om naudsynt, blir fylkesmennene kontakta for å drøfte datagrunnlaget.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Fram til 1993 vart statistikken samla inn av laksestyra, og statistikken var knytt til innbetaling av lakseskatt. Dette gjorde at det var vanskeleg å få inn rapportar ein kunne lite på. Frå 1993 vart lakseskatten borte, og fylkesmennene overtok ansvaret for å samle inn fangstrapportane og rapportere vidare til Statistisk sentralbyrå. Etter det er det grunn til å tru at kvaliteten har vorte betre.

Kor mange elvar og vassdrag det blir fiska i har variert over tid. Frå byrjinga av 1800-talet omfatta statistikken berre 54 av dei viktigaste elvane. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar med registrert fangst i 1960-åra. Dei seinare åra har det vore registrert fangst i om lag 350 elvar.

I 1989 var 15 prosent av laksevassdraga i Noreg stengt for fiske av laks av ulike årsaker. I 2011 var 25 prosent av elvane stengt for fiske. I tillegg til freding er det dei siste åra teke i bruk døgnkvoter, vanlegvis på ein til tre fiskar per døgn.

Også lenger tilbake i tid har det vore endringar som kan ha verka inn på fangstmengda. Etter ei sterk avkorting av fisketida for bruk av fast fangstreiskap som laksekasser, garn og teiner i elv etter laks frå 1850 til 1900 var lengda på fiskesesongen nærmast uforandra frå 1900 til 1960. Denne typen fiske vart forbode i nesten heile landet i 1980. Berre i nokre få elvar i Finnmark og i Numedalslågen har det vore opent for bruk av fast fangstreiskap etter 1980. Allereie i 1930 var det forbode å fiske i laksetrappene, og alt fiske vart forbode rett ovanfor og nedanfor dei. Den gjennomsnittlege perioden for stong- og handsnørefiske i elv etter laks er redusert frå vel 200 dagar i 1850 til om lag 75 dagar i 2010.

 

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Denne statistikken gir eit bilete av den registrerte innrapporteringa av fangsten. Undersøkingar har vist at den reelle fangsten er noko høgare. Miljødirektoratet estimerer eit tillegg for urapportert fangst i si rapportering til NASCO.

Manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane kan vere eit problem for fangststatistikken i vassdraga. Det er også mangelfull statistikk frå ein del småvassdrag der fisket er dårleg organisert. Statistikken er difor ikkje så fullstendig som ein skulle ønske.

2009 er første året med påbod om innrapportering av gjenutsett fisk, og kvaliteten på denne statistikken er derfor noko usikker.

Undersøkingar har synt at den reelle fangsten er noko høgare enn den offisielle statistikken syner. Dels kjem det av manglande eller forseinka fangstrapportering frå fiskarane og fiskerettshavarane, og dels på grunn av ulovleg fangst.

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB