9159_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9159
Større inntektsforskjellar
statistikk
2007-05-15T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Større inntektsforskjellar

Norske hushald mottok 142 milliardar kroner i kapitalinntekter i 2005, ein auke på heile 58 prosent frå året før. Den sterke auken, saman med den skeive fordelinga av denne typen inntekter, er den viktigaste forklaringa på kvifor inntektsforskjellane auka klart i 2005.

Det er først og fremst dei store aksjeutbytta i 2005 som forklarer veksten i kapitalinntektene. I 2005 mottok hushalda 99 milliardar kroner i utbytte, mot om lag 63 milliardar kroner året før. 2005 var også eit godt år for dei som selde aksjar. Vinsten ved sal av aksjar og fast eigedom vart nær dobla frå året før, til 25 milliardar kroner.

Sterk vekst i hushaldsinntektene

Den samla inntekta for hushalda var i 2005 på 1 136 milliardar kroner, ein auke på om lag 11 prosent frå året før. Samla inntekt er summen av lønsinntekt, netto næringsinntekt, kapitalinntekter og ulike pensjonar, trygder og stønader. I tillegg til den sterke veksten i kapitalinntekter, har også yrkesinntekter og pensjonar hatt ei gunstig utvikling i 2005. Yrkesinntektene (løns- og næringsinntekter inkludert sjukepengar) auka til dømes med 7 prosent, medan dei skattepliktige overføringane (pensjonar) auka med om lag 5 prosent. Det er berre for dei skattefrie stønadene at vi registrerer ein svak nedgang, på knapt 2 prosent. Blant desse finn ein stønader som kontantstøtte, sosialhjelp, stipend, grunn- og hjelpestønad og barnebidrag.

Auka inntektsforskjellar

Dersom ein deler hushalda inn i ti like store inntektsklassar (desilgrupper), og sorterer dei etter storleiken på hushaldsinntekt per forbrukseining, får vi eit bilete på korleis hushaldsinntektene er fordelte i befolkninga. Desil 1 vil då vere tidelen av befolkninga med lågast inntekt, medan desil 10 er tidelen med høgast inntekt.

Den rikaste tidelen (desil 10) disponerte 29,5 prosent av all inntekt i 2005. Dette var ein auke på 4,3 prosentpoeng frå året før. Tidelen av befolkninga med høgast inntekt hadde med dette ei hushaldsinntekt i 2005 som var meir enn ni gongar så høg som inntekta til personane i den lågaste inntektsklassen. Året før hadde tidelen med høgast inntekt ei inntekt som var sju gonger høgare enn tidelen med lågast inntekt. Den sterke inntektskonsentrasjonen i toppen av fordelinga ser vidare ut til å ha ført til at alle andre inntektsklassar har fått redusert sin del av dei totale inntektene i samfunnet.

Alle inntektsklassane hadde realvekst i inntektene frå 2004 og til 2005, men det er ein klar tendens til at det er dei høgaste inntektsklassane som har hatt den beste inntektsutviklinga. Medan den lågaste inntektsklassen berre hadde ein realvekst på vel 1 prosent, hadde inntektsklassane til og med desil 9 ein realvekst på mellom 3 og 6 prosent. Det er likevel den høgaste inntektsklassen som klart skil seg ut frå alle andre, med ein realvekst i inntektene på nær 30 prosent.

Det er ein nær samanheng mellom utviklinga i kapitalinntekter, og da særleg aksjeutbytte, og inntektsfordelinga. Inntektsåret 2005 var det siste året at aksjonærane fritt kunne ta imot utbytte utan at ein personleg måtte skatte av dette. Dette er truleg ein av hovudgrunnane til at utbytta var så store dette året, og at inntektsforskjellane auka.

Fordeling av hushaldsinntekt etter skatt per forbruks-
eining, for personar. (EU-skala). Del av totalinntekta og
gjennomsnitt i 2005-kroner. Prosent
  Del av total inntekta Gjennomsnitt Vekst i prosent
  2004 2005 2004 2005 2004-2005
1 3,6 3,3 91 800 92 900 1,2
2 5,7 5,3  146 100  150 000 2,7
3 6,8 6,3  172 100  177 300 3,0
4 7,6 7,1  193 500  199 900 3,3
5 8,4 7,9  213 100  220 600 3,6
6 9,1 8,6  232 800  241 400 3,7
7 10,0 9,4  254 300  264 600 4,1
8 11,0 10,5  281 000  293 800 4,6
9 12,6 12,1  321 500  339 300 5,6
10 25,2 29,5  643 200  829 700 28,7
           
Alle  100,0  100,0  254 900  281 000 10,3
           
Tal på personar 4 549 802 4 585 233 4 549 802 4 585 233  

Høgast inntekt i Akershus - lågast i Oslo

I 2005 var medianinntekt etter skatt for alle hushalda i landet på 312 000 kroner. Medianinntekta er inntekta til det hushaldet som ligg midt i fordelinga når vi sorterer hushalda etter storleiken på inntekta. Medianen gir ofte eit betre utrykk for det generelle inntektsnivået enn det gjennomsnittet gjer, sidan gjennomsnittet ofte kan bli sterkt påverka av svært høge (eller låge) inntekter. Elleve av fylka har ei medianinntekt høgare enn for heile landet. Hushald i Akershus skil seg ut med den høgaste hushaldsinntekta - 391 000 kroner etter skatt, medan Oslo har det lågaste inntektsnivået med 268 000 kroner. Det overraskande låge talet for Oslo skuldast først og fremst at mange bur aleine i hovudstaden. I tillegg er det også eit høgt innslag av grupper med eit tradisjonelt lågt inntektsnivå i Oslo, til dømes studentar og ikkje-vestlege innvandrarar. Ser ein derimot nærare på ulike hushaldstypar, endrar dei geografiske skilnadene seg. Innan til dømes barnefamiliane er det berre Akershus som har eit høgare inntektsnivå enn Oslo. I Akershus hadde par med små barn (0-5 år) ei inntekt etter skatt på 546 000 kroner i 2005, medan tilsvarande hushaldstype i Oslo hadde 514 000 kroner. For barnefamiliar med større barn (6-17 år) var inntektsnivået 597 000 kroner i Akershus og 582 000 kroner i Oslo. Lågast inntekt blant barnefamiliar finner vi i Nord-Trøndelag, Hedmark og Oppland.

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntektsstatistikken for hushald er alle privathushald busett i landet ved utgangen av inntektsåret. Inntektsopplysningane er henta frå ulike administrative register. Frå og med inntektsåret 2005 er inntektsstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald som bur i landet. Tidligare var inntektsundersøkinga basert på representative utvalsundersøkingar, der hushaldsopplysningar blei henta inn ved hjelp av et intervju. I den nye totalteljinga er hushaldsopplysningane avleia ved hjelp av ei rekkje administrative kjelder. Metoden er gjort nærare greie for i ”Om statistikken”.

Vedleggstabell 2 viser inntektstal baserte både på dei tidlegare frigjevne tala frå utvalsundersøkinga 2004, og frå totalteljing same år, der ein har nytta dei same metodane som for inntektstala 2005.

Fordelane med ei totalteljing er mange. Det er no råd å lage meir detaljert statistikk, både når det gjeld mindre grupper i befolkninga og for mindre geografiske område. I tillegg får ein sikrare tall sidan ein ikkje lenger har utvalsvarians. På sikt vil dette gi betre data til å følgje endringar som finn stad innan grupper av befolkninga. Omlegginga av statistikken kan likevel ha innverknad på samanlikningar med eldre undersøkingar. Dette gjelder først og fremst for mindre grupper av befolkninga, til dømes einskilde hushaldstypar.

Tabeller: