9171_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifhus/arkiv
9171
Inntektsauke - skeivare formuesfordeling
statistikk
2001-06-01T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Innvandring og innvandrere
no
ifhus, Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger, inntektsstatistikk, inntekter, formuesstatistikk, formuer, husholdningssinntekt, husholdningsstyper (for eksempel aleneboende, par med og uten barn), inntektsregnskap, yrkesinntekter, kapitalinntekter, overføringer (for eksempel pensjon, sosialhjelp, kontantstøtte), fattigdom, barnefattigdom, lavinntekt, gjeldInntekt og forbruk, Inntekt og formue , Innvandring og innvandrere, Inntekt og forbruk
false

Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Inntektsauke - skeivare formuesfordeling

Norske hushald fekk ein auke i gjennomsnittleg inntekt etter skatt på om lag 5 prosent frå 1998 til 1999, omrekna til faste prisar. Mest alle hushaldstypar fekk meir å rutte med. Blant dei gruppene som hadde best inntektsutvikling, finn ein pensjonistektepar og par med små barn.

Norske hushald vart meir formuande i same periode. Men formuen har blitt stadig skeivare fordelt blant hushalda dei siste åra. Den tidelen av hushalda med høgast finansformue, disponerte i 1999 to tredjedelar av all finansformue.

Siste halvdelen av 1990-talet var ein svært god periode økonomisk for norske hushald. Berre mellom 1994 og 1999 auka gjennomsnittleg inntekt etter skatt for alle hushalda med 46 500 kroner, omrekna til 1999-kroner. Barnefamiliane er blant dei gruppene som har hatt den beste inntektsutviklinga i denne perioden, med ein auke i inntekt etter skatt på 62 400 1999-kroner. I 1999 hadde par med barn under 7 år ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt på 415 000 kroner.

Auka renteutgifter

Gjennomsnittleg renteutgifter for alle hushalda var 26 200 kroner i 1999. Dette var knapt 5 000 kroner meir enn året før. Mest renter betaler par med små barn, med i gjennomsnitt 54 200 kroner.

Trass i at rentene auka i 1999, har dei fleste hushald renteutgifter som står i forhold til inntekta. For alle hushalda sett under eitt utgjorde rentene 7 prosent av samla inntekt. Det er igjen par med små barn (0-6 år) som har den hardaste rentebelastinga. I 1999 utgjorde rentene 10 prosent av samla hushaldsinntekt for desse hushalda. Sjølv om renta har auka dei siste åra er det likevel langt att til nivået på 1980-talet. Den gong utgjorde rentene meir enn 20 prosent av samla inntekt for småbarnsfamiliane.

Meir gjeld ...

Rentene auka òg fordi hushalda tok opp meir lån. I gjennomsnitt hadde hushalda ei gjeld på 384 000 kroner i 1999. Det er hushald i etableringsfasen som har mest gjeld. Par der yngste barn er under 7 år hadde til dømes 758 000 kroner i gjeld i 1999.

Sjølv om gjelda har auka dei siste åra er det likevel få som låner over evne. Det var til dømes berre 6 prosent som hadde ei gjeld som var tre gonger større en hushaldsinntekta. Dette talet har endra seg lite på 1990-talet.

... og meir formue

Norske hushald sparer meir enn før både i form av bankinnskot og i aksjar o.l. Mellom anna så auka bankinnskota med om lag 16 000 kroner i gjennomsnitt frå 1998 til 1999. Andre plasseringar, som til dømes aksjar og verdipapir, auka enda meir med 22 400 kroner frå 1998 til 1999. Aksjar og verdipapir utgjorde i 1999 halvparten av finanskapitalen til hushalda. Det er særleg for hushald der hovudinntektstakaren er mellom 45 og 54 år som sparer mykje i aksjar, medan pensjonisthushald helst sparer i bank.

Skeivare formuesfordeling

I gjennomsnitt hadde norske hushald 322 500 kroner i bruttofinanskapital (dvs. summen av bankinnskot, aksjar og andre verdipapir) i 1999. Det er likevel store skilnader mellom hushalda. Dersom ein rangerer hushalda etter storleiken på finanskapitalen i ti like store grupper, finn ein at den rikaste tidelen disponerte 67 prosent av all finansformue i 1999. Fordelinga av finansformuen har blitt meir ujamn dei siste åra. Går ein tilbake til 1980-talet så finn ein at den rikaste tidelen den gong disponerte om lag 50 prosent av all finansformue. Gjennomsnittleg finansformue for den tidelen med høgast formue var på 2,2 millionar kroner i 1999.

Statistikkgrunnlaget

Grunnlaget for inntekts- og formuesstatistikken for hushald er eit utval på om lag 10 000 hushald. Når ein lagar statistikk som baserer seg på berre eit utval av befolkninga, vil ein frå tid til anna oppleve at utvalet viser ei anna fordeling av enkelte inntekter og utgifter enn det som er fordelinga i befolkninga sett under eitt. Dette gjeld oftast for inntekter og utgifter som svært få hushald har, men der beløpa er store, til dømes enkelte kapitalinntekter og kapitalutgifter.

Tabeller: