Pågår
Jaktstatistikk
Måleperiodeårleg
Innhald
Formål
Formålet med undersøkinga er å utarbeide offisiell statistikk over utbytet frå småvilt-, villsvin og rådyrjakt. I tillegg skal undersøkinga kartleggje talet jegerar som har teke del i jakt på dei ulike viltartene det er opna for jakt på.
Kven skal rapportere?
Alle som har betalt jegeravgifta for eit jaktår, skal anten sende inn skjemaet som følgde med jegeravgiftskortet, eller rapportere elektronisk. Dette gjeld sjølv om ein ikkje har vore på jakt siste jaktår, eller om ein har vore på jakt utan å få utbyte. Jegerar som ikkje rapporterer innan fristen, blir pålagt ei tilleggsavgift. Tilleggsavgifta vil bli lagt til jegeravgifta neste år.
Nytt i år er at du skal rapportere via Altinn på sida: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/statistisk-sentralbyra/jaktundersokelsen/
Du kjem til skjemaet ved å bruke denne lenkja. Etter at du har logga inn, kan du få melding om at du representerer ei juridisk eining (føretak) Vel da deg sjølv som aktør for å kunne gå vidare.
Heimelsgrunnlag
Jaktrapportane blir samla inn på oppdrag for Miljødirektoratet med heimel i viltlova §50. Statistisk sentralbyrå vil med heimel i lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2 nytte opplysningane til å utarbeide offisiell statistikk.
Bruk av statistikken
Jaktstatistikken er eit viktig hjelpemiddel i den nasjonale forvaltinga av småviltet. Sentrale brukarar er sentral og lokal viltforvaltning, forskings- og utdanningsinstitusjonar, media, interesseorganisasjonar og interesserte jegerar.
Kontakt
-
- E-post
- datafangst@ssb.no
- Telefon
- 62 88 56 00
- Telefontid
- Man - fre: 09.00 - 15.00