10425_not-searchable
/helse/statistikker/legetj/aar
10425
Pasientar med fast lege mest tilfreds
statistikk
2000-10-23T10:00:00.000Z
Helse
no
legetj, Legetjenester og publikum (opphørt), leger, allmennleger, legebesøk, legekontaktHelsetjenester, Helse
true

Legetjenester og publikum (opphørt)2000

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Pasientar med fast lege mest tilfreds

Mange er svært godt nøgd med legen dei brukar, og andelen som er svært nøgd er større for dei som har ein fast lege. Men mange av dei som har fast lege, må rekne med å bytte sin faste lege i løpet av eit år, sjølv om dei ikkje ynskjer det.

I gjennomsnitt har personar over 16 år fire kontaktar med legen i året for eigen sjukdom. Mens personar som vurderer si eiga helse som svært god eller god har 2 til 3 kontaktar i året, har personar som vurderer helsa si som dårleg eller svært dårleg, 11 til 16 kontaktar i året i gjennomsnitt. Nesten ein av fire har ikkje hatt kontakt med lege det siste året. Dei som har fast lege, har fleire kontaktar med legen enn dei uten fast lege.

To av tre har fast lege

I undersøkinga svarte to av tre at dei hadde ein fast lege. Pasientar med fast lege var meir nøgde med legen enn andre. Medan 75 prosent av dei som ikkje hadde fast lege meinte at dei blei tatt på alvor av legen, var denne andelen mellom 85 og 90 prosent for dei som hadde fast lege. Dei som hadde ein fast spesialist utafor sjukehus, var mest nøgde.

Ufrivillig bytte av lege

Blant dei som brukte allmennlege, svarte fire av ti at dei hadde bytta sin faste lege minst ein gong det siste året. Resultata viste òg at eit stort fleirtal av desse legebytta skjedde utan at pasientane sjølv ynskte det. Omfanget av ufrivillige bytte av lege var mindre for dei som brukte spesialist. Til saman 8 prosent av desse hadde ufrivillig måtte bytta sin faste legespesialist det siste året.

Ein av åtte brukar spesialist som fast lege

Mykje tyder på at bruken av spesialisthelsetenesta er i endring. Resultata viser at ein av åtte reknar ein spesialist som sin faste lege. Av desse hadde vel halvparten sin faste lege på eit sjukehus, mens resten brukte privatpraktiserande spesialist utanfor sjukehus. For begge desse gruppene var det vanleg å ha ein fast allmennpraktiserande lege i tillegg. Dei som brukar spesialistar er òg storbrukarar av legetenester. Dei som nytta både spesialist ved sjukehus og allmennpraktikar som fast lege, hadde i gjennomsnitt vel ti kontaktar med lege i året på grunn av sjukdom.

Vanskelegare å få fast lege i mindre sentrale strok

I kommunar med lite befolkningsgrunnlag som ligg langt unna større byar, er det vanleg å bruka turnuskandidatar og kommunelegar lønna av kommunen. Busette i kommunar med ei slik organisering av allmennlegetenesta har større vanskar enn andre med å få ein fast lege. I sentrale strok er det meir vanleg med privatpraktiserande allmennlegar, og brukarar av slike legar har lettare for å etablere ein fast legekontakt. Resultata viser òg at menn i mindre grad enn kvinner er knytt til ein fast lege. Eldre har relativt ofte ein fast lege, det samme gjeld dei som vurderer sin eigen helsetilstand som dårleg.

Tabeller: