284563_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
284563
Auke i industriproduksjonen
statistikk
2017-03-07T08:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
true
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk opp med 0,2 prosent fra des. 2016 til jan. 2017.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningjanuar 2017

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Auke i industriproduksjonen

Norsk industriproduksjon gjekk opp med 1,8 prosent i perioden november 2016-januar 2017 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. På månadsbasis, frå desember 2016 til januar 2017, var det ei lita oppgang på 0,2 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
Produksjonsindeks. SesongjustertProduksjonsindeks. Kalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
Januar 2017 / Desember 2016November 2016 - Januar 2017 / August 2016 - Oktober 2016Januar 2017 / Januar 2016
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft3,44,61,3100,0
Utvinning og utvinningstjenester2,15,4-0,167,1
Bergverksdrift5,4-2,332,90,7
 
Industri0,21,8-0,926,5
Nærings-, drikkevare og tob.ind.3,4-1,2-1,05,4
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri5,30,615,13,7
Metallindustri0,10,30,41,7
Maskinindustri-3,10,0-19,22,7
Bygging av skip og oljeplattformer-3,24,8-6,42,0
 
Kraftforsyning0,41,5-6,85,7

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 113 (2005=100) i perioden november 2016–januar 2017 mot 111 i tremånadersperioden før.

Tremånadersendring: økt produksjon innan dataindustri og elektrisk utstyrsindustri

Sesongjusterte tal viser ein oppgang i industriproduksjonen på 1,8 prosent i perioden november 2016-januar 2017 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Det var dataindustri og elektrisk utstyrsindustri som bidrog mest til den totale oppgangen med ei klår auke på 9,4 prosent. Det var óg ei auke innanfor kjemiske råvarer grunna vedlikehaldsstans hos nokre toneangivande produsentar i førre tremånadersperiode og innanfor bygging av skip og oljeplattformer kor det særleg var høgare aktivitet blant produsentar av oljeplattformar og modular.

Det var óg einskilde næringar med ei produksjonsnedgang i same periode, slik som næringsmiddel- og drikkevareindustri, og papir- og papirvareindustri.

Produksjonen i den petroleumsretta leverandørindustrien hadde samla sett også ein auke denne tremånadersperioden samanlikna med den førre. Dette må sjåast i samanheng med ein svak august månad for denne analytiske grupperinga.

Månadsendring: produksjonauke frå desember 2016 til januar 2017

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen gjekk opp 0,2 prosent frå desember 2016 til januar 2017. Næringsmiddelindustrien og næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri bidrog mest til den totale auka. På den andre sia var det lågare aktivitet innanfor maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer. For meir informasjon om utviklinga i industriproduksjonen i 2016, sjå artikkelen «Oljedrevet nedtur for industrien fortsatte i 2016».

Tolvmånadersendring: fall i Noreg mot ein auke i eurosona i desember 2017

Kalenderjusterte tal viser at norsk industriproduksjon gjekk ned 1,9 prosent frå desember 2015 til desember 2016. Maskinindustrien var næringa som bidrog mest til denne nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 1,3 prosent i den same perioden.

Tremånadersendring: vekst i den samla produksjonsindeksen

Sesongjusterte tal viser at produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) auka med 4,6 prosent i perioden november 2016–januar 2017 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Utvinning av råolje og utvinning av naturgass hadde begge ein oppgang med høvesvis 3,7 og 10,1 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i januar 2017 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Innanfor utvinningstenester var det ein nedgang i produksjonen på 1,8 prosent i perioden november 2016-januar 2017 samanlikna med den føregåande tremånadersperioden. Verksemdene innanfor denne næringa vert mellom anna ramma av lågare investeringsaktivitet i olje- og gassektoren. Norsk kraftforsyning hadde på si side ein oppgang på 1,5 prosent i den same perioden, medan bergverksdrift hadde ein nedgang på 2,3 prosent.

Oppdaterte vekter for PII i 2017Åpne og lesLukk

Vekter i produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) er oppdaterte no ved overgangen til nytt år. Grunnlaget for vektene er tilverkingsverdi til faktorpris frå årleg strukturstatistikk for olje- og gassutvinning, industri, elektrisitet og fjernvarme for 2015. Desse blir framskrivne til situasjonen ved utgangen av 2016 med endringstal frå kvartalsvis nasjonalrekneskap og kvantumsopplysningar frå Oljedirektoratet.

Vektene til næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri samt metallindustri var blant dei som gjekk mest opp frå 2016 til 2017. Vektene for maskinindustri og maskinreparasjon og -installasjon var blant dei som gjekk mest ned frå 2016 til 2017. Vekta til utvinningstenester gjekk opp frå 2016 til 2017, mens vektene utvinning av råolje gikk ned og utvinning av naturgass gikk opp.

Produktivitetsfaktorar Åpne og lesLukk

Oppdaterte produktivitetsfaktorar for produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (PII) blir tekne i bruk frå og med 2017. Desse opplysningane er henta frå årleg nasjonalrekneskap. Faktorane bygger på årleg volumendring i bruttoprodukt per utført timeverk for dei aktuelle næringane og er eit gjennomsnitt for dei 5 siste åra.